Me nyttar informasjonskapslar - dei hjelper oss med å levera ei betre oppleving til deg medan du er innlogga.
Ved å nytta nettstaden vår aksepterer du at me kan lagra og aktivera informasjonskaplar på eininga di.

Verda »   Nyhende 

Nyhende

4-3-2024 Leiar: Endringar oppretting av lag - og ein plass for homies

Denne månaden har me jobba med store endringar i korleis nye lag vert oppretta i Hattrick. Hattrick vil ikkje lenger bruke gamle lag opp att, noko som vil gjere ting enklare for nye brukarar og i tillegg endre korleis «botifisering» av lag fungerer.
I tillegg til dette og ei rekkje små betringar rundt om på nettstaden, så vil me gje deg eit varsel om ein ny internasjonal liga som vil opna neste sesong: The Hattrick Homegrown League.
Les denne leiaren

3-31-2024 Deportivo Mato Grande kaprar Masters-tittelen!

I ein pulserande kamp på torsdag, så braka Deportivo Mato Grande saman med Barack Osama i Hattrick Masters-finalen. Dette intense oppgjeret markerte den fyrste finalen for både Kapp Verde og Peru.

Kampen heilt av med eit tidleg mål etter berre fire minutt, når Deportivo tok leiinga. Men det peruvianske laget kjempa hardt tilbake og skåra utlikninga i det 28. minutt. Ved pause stod det 1-1, som sette alt opp til ein thrilleravslutning.

Spenninga eskalerte, Gaspar Olival steg fram, og skåra det avgjerande målet i det 52. minutt. Deportivo kom ut av det til slutt med ein 2-1 siger, og henta Hattrick Masters-troféen heim.

Gratulasjonane våre går til Deportivo Mato Grande og manageren deira Praqol!

3-27-2024 Byte til sumartid

På sundag morgon går CET-tid over til sumartid (daylight saving time). Det inneber at timen mellom 02:00 og 03:00 CET ikkje vil finna stad. Alt av kampar, spelarovergangar og så bortetter i dette tidsrommet vil naturlegvis gå sin vante gang, berre ein time seinare reint formelt sett. Ver gild og ha dette i bakhovudet med tanke på kampordrar, overgangsfristar etc.

3-5-2024 Leiar: Forum reactions, recommended positions, and youth

This month's release offers no revolutions but plenty of helpful updates for forum users, youth managers and Supporters. We also have new dynamic player categories that can help users, especially new ones, organize their teams and search the market.
Les denne leiaren

2-26-2024 Hattrick Masters-trekking

Hattrick Master startar måndag neste veke. Trekkinga for denne sesongen vil starte i dag kl 15.00 (CET).
 
Server 082