Me nyttar informasjonskapslar - dei hjelper oss med å levera ei betre oppleving til deg medan du er innlogga.
Ved å nytta nettstaden vår aksepterer du at me kan lagra og aktivera informasjonskaplar på eininga di.

Hjelp »   Husreglar »   Reklame 

Husreglar

Reklame

Brukarane kan ikkje posta reklame på eit Hattrick-forum, i gjestebøkene, på lagsidene eller andre stader med allment innsyn. Det styrande prinsippet er at ein Hattrickbrukar skal sleppa å bli utsett for innhald som andre brukarar postar for å dra nytte av det i det verkelege livet.

Dette vil likevel ikkje seia at du aldri kan nemna eit firmanamn eller eit produkt, om det høver seg slik. Men om du misbrukar denne regelen og kjem med reklame av kva grunn som helst, vil me kanskje sletta reklamen, gje deg bøter, eller rett og slett stengja deg ute frå Hattrick. Diskusjon er ok, reklame er det ikkje. Det vert rekna som spam og forureining av vår felles sfære.

På forum som ikkje handlar om Hattrick, tillèt me til vanleg trådar om til dømes andre nettstader og onlinespel. Me gjer dette som ei teneste til brukarane våre, og berre så lenge det ikkje vert utnytta til kommersielle føremål. Om andre firma byrjar å sjå på Hattrick som ein gratis marknadsføringskanal, eller om reklamelenkjer og liknande vert posta på våre forum, vil me kunna svartelista desse produkta og brukarane som posta dei. Diverre har me alt hatt vår del av kommersielt spam i Hattrick, og me ynskjer ikkje å sjå det fleire gonger.

Hattrick sjølv vil stundom nytta foruma for å promotera partnaraktiviteter og/eller partnarprodukt. Me prøver å avgrensa forumaktiviteten vår til reint spel-relaterte saker, men sjølvsagt må me ha høve til å kommunisera med brukarane våre også om andre ting, til og med kommersielle tema, om det trengst.

 
Server 082