Me nyttar informasjonskapslar - dei hjelper oss med å levera ei betre oppleving til deg medan du er innlogga.
Ved å nytta nettstaden vår aksepterer du at me kan lagra og aktivera informasjonskaplar på eininga di.

Innleiing

Dette er Handboka for Hattrick. For ei raskare introduksjon til spelet, gå til Handbok for nybyrjarar.

Hattrick er eit spel der du kan få oppleva å leia et virtuelt fotballag til sportsleg suksess, i skarp konkurranse med andre lag frå heile verda.

Hattrick er eit enkelt spel, og det er lett å skjøna det grunnleggjande. Du kan spela Hattrick sjølv om du berre loggar inn ein gong eller to kvar veke (men me vonar å sjå deg oftare!). Utfordringa ligg ikkje i å vinna over spelet, men i å konkurrera med dei andre som er med i spelet. Når du spelar Hattrick, vert du gjerne kjend med andre spelarar, så Hattrick er på mange måtar eit sosialt spel.

Dei overordna oppgåvene dine

Det er du som fyller rolla som både manager og klubbeigar. Du vel taktikk og strategi, du vel treningstype og du tek ut laget. Du sel og kjøper spelarar, byggjer ut stadion og mykje meir. Eit par gode råd for å verta ein suksessrik manager er å leggja ein god strategi og å ha ein plan for ein lengre periode. Sportsleg suksess og heider kjem trass alt ikkje gratis.

Det nye laget ditt

Når du tek over ansvaret for laget ditt, har det nett fått ein ledig plass i ein serie. Det er plassert i ein av dei to lågaste divisjonane i seriesystemet til Hattrick. For å byrja på klatringa oppover på tabellen og i ligasystemet, har du fått eit spelarstall (nokre er kanskje gode, andre ikkje fullt så gode…), eit stadion og litt pengar til å kunna starta på oppgåva. No er tida komen, det er no du skal visa din magi!

Ver ikkje uroleg for at du kan koma til å angra på lagnamnet ditt. Du kan alltid byta namn på klubben din i sesongpausen, men det vil kosta deg 10 000 US$ sidan draktmateriell, marknadseffekter osb. må endrast. Du mister òg 3 prosent av medlemene i supporterklubben din, sidan nokre av tilhengjarane i den harde kjernen ikkje vil tilgje deg for å gå vekk frå det gamle namnet.

Regionar og vêr

Laget ditt høyrer til i ein region, ein region du mest sannsynleg har eit forhold til. Regionane er oppretta for at du kan finna andre managerar frå ditt område. Ein annan viktig funksjon er at kvar region har sitt eige vêr. Ingen regionar har betre vêr enn dei andre, alle er like gode - så du treng ikkje vera uroleg for å gjera eit dårleg val.

Vêret påverkar eit par ting, men aller mest påverkar det publikumsoppmøtet (det er færre som kjem for å sjå kampane når det regnar) og prestasjonen til spelarane. På sida for regionen din kan du sjå korleis vêret er i dag, og ei vêrmelding for neste dag. Om sola skin i dag er det meir sannsynleg (samanlikna med andre vêrtypar) at det òg vil verta sol i morgon. Vêret er altså ikkje heilt tilfeldig.

Om du ynskjer å byta region, kan du gjera det i sesongpausen. Det vil kosta deg 10 000 US$ og 3% av tilhengjarane dine kjem til å forlata supporterklubben din.

Det beste rådet me kan gje

Det beste rådet me kan gje deg, er å lesa heile denne handboka. Du treng ikkje lesa heile på ein gong. Om du berre byrjar med dei fyrste kapitla, vil det òg gje deg god innsikt i korleis Hattrick fungerer. Om me skulle gje deg endå eit råd, måtte det vera å spørje om ting du lurer på i foruma våre. Det er faktisk eit eige forum berre for spørsmål.

Det er berre ein ting me insisterer på: For å gjeva deg og alle andre den beste opplevinga på Hattrick, er det nokre veldig enkle reglar for framferd du må fylgja. Desse kan du finna i husreglane våre.

Spelarar: evner

Kvar spelar har 8 grunnleggjande evner, i tillegg til nokre andre faktorar som påverkar prestasjonane deira i ulike situasjonar. La oss sjå over dei ulike evnene fyrst:
Kondisjon: Avgjer kor mykje av evna til å prestera ein spelar mistar i løpet av ein kamp.
Ballfordeling: Evna til å kontrollera ballen og laga målsjansar.
Målskåring: Det er meininga at ballen skal hamna i nettet.
Kantspel: Evna til å laga målsjansar ved å rykkja framover på sida.
Målvakt: Ballen skal ikkje hamna i eige nett.
Pasningar: Spelarar som veit korleis dei skal slå den avgjerande pasninga, er til stor hjelp når laget går i angrep.
Forsvar: Evna til å stogga motstandarane når dei går i angrep.
Daudball: Resultatet av frisparka og straffesparka du får, kjem an på kor god daudballtakaren din er.

Kor god er spelaren?

I det verkelege livet seier me at ein spelar er ein "heilt ok kantspelar" eller ein "verkeleg god forsvarar" når han spelar. I Hattrick gjer me det på same måten når me skildrar kor god ein spelar er. Me brukar nemningar (ikkje berre for spelarar), og evnene til spelarane finst på ein skala frå fråverande til guddomleg. Du kan sjå alle dei komplette listene i dette tillegget: Tillegg.

Ulike spelarar treng ulike evner

Alle spelarane treng ikkje å vera gode i alt, men kondisjonen er viktig for alle.  Nokre gonger er det nok at ein spelar er god i ei evne (utanom kondisjon), men du vil få mest ut av spelarane dine om dei har gode evner på fleire område.  Kva evner (andre enn kondisjon) ein spelar dreg nytte av, kjem an på kva for ein posisjon spelaren har:

Målvakter:

Målvakt er sjølvsagt ei viktig evne for målvakter. Men dei kan i tillegg dra nytte av å vera gode i forsvar, medan daudball hjelper til med å forsvara seg mot frispark og straffespark.

Midtstopparar:

Forsvararar bør sjølvsagt vera gode i forsvar. Ballfordeling er òg nyttig, og pasningsevner kan verkeleg utgjera ein forskjell i ei kontring.

Sideforsvararar:

Forsvarsevna er viktigast, men dei dreg god nytte av å vera gode i kantspel. Om dei har evner innan ballfordeling og pasningar, kan dei i tillegg vera med og starta ei kontring.

Sentrale midtbanespelarar:

Å ha gode ballfordelararar på sentralt på midtbana er heilt avgjerande for dei fleste suksessrike lag. Dei nyttar òg evnene deira innan pasningar og forsvar, i tillegg til ein del målskåring.

Kantspelarar:

Her er det sjølvsagt viktig å ha gode kantspelevner, men ballfordeling er òg viktig. I tillegg vert både pasnings- og forsvarsevna brukt.

Angriparar:

Hovudoppgåva deira er å skåra mål, og det gjer at den viktigaste evna er målskåring. Dessutan er òg pasningar verdifullt, og det er i tillegg kantspel og ballfordeling.

Endringar i evnene

Evnene endrar seg langsamt over tid. Alle evner kan utviklast med trening så lenge ein spelar er i live, men etter kvart som spelarane vert eldre, vil dei byrja å tapa litt av evnene sine. Alt om endringar i evner vert omtalt i kapitlet om trening.

Spelarar: andre eigenskapar

Alder

Du kan sjå den nøyaktige alderen til ein spelar på spelarsida hans. Eit Hattrick-år er 112 dagar. Dette inneber at ein spelar vil vera eit visst tal med år og 0-111 dagar.

Personlegdom

Alle spelarane har sin eigen personlegdom. Dei kan vera omgjengelege eller ufordragelege, leiarar eller einstøingar, sinnataggar eller rolege. For tida har ikkje personlegdomen noko særleg å seia i kampane, men det kan til dømes vera lurt å ha ein kaptein med god leiarevne. Meir informasjon om korleis personlegdomen påverkar kampane, finn du i psykologikapitlet.

Røynsle

Spelarar som har spela mange og viktige kampar vil bli meir røynsler, og med denne røynsla vil dra føremon i framtidige kampar på ulike måtar. Å ha røynsle kan påverke spesielle hendingar i kamp, som å skåre eller sleppe inn mål, og bidra til å unngå å miste organiseringa i laget. Me observera røynsla som ein seperat verdi, noko som ikkje er påverka av evnenivået på spelaren. Kva spelte kamp, og kvar type kamp, har ein forskjellig effekt på kor raskt ein spelar aukar i røynsle. Ein spelar treng rundt 100 røynsle-poeng for å stige eitt nivå i røynsle. Røynsle-poeng som blir tildelt etter type kampar er vist i følgjande tabell.

Kamptype Røynslepoeng
Seriekamp 3.5
Kvalifiseringskamp 7
Hovudcup kamp 7
Ponduscup kamp 1.75
Treningskamp 0.35
Internasjonal treningskamp 0.7
HT Master kamp 17.5
Ungdomlag ligakamp 3.5
Ungdomslag treningskamp 0.35
(Gamal) Verdsmeisterskapskamp 35
(Gamal) Verdsmeisterskapsfinale 70
(Gamal) landslagstreningskamp 7
Verdsmeisterkamp 28
Verdsmeisterskap (semi- og finale) 56
Verdsmeisterskap (Wildcards) 14
Kontinentale meisterskap 14
Kontinentale meisterskap (kvart, semi og finale) 21
Nasjonscup 7
Nasjonscup (sluttspel) 14
Treningskamp landslaget 3.5

Lojalitet

Spelarar med høg lojalitet til klubben presterer betre på bana. Lojaliteten stig med tida spelaren har vore i klubben.

Det finst to typar lojalitet:

Spelarlojalitetsbonus

For kvar påfylgjande dag du har ein spelar i laget ditt, vil han bli litt meir tilknytt og lojal til klubben din. Og jo meir tilknytt og lojal han blir, jo betre vil han spela.

Lojalitet blir opparbeida raskare i starten, og stadig langsamare over tid. Maksimum lojalitet vert nådd etter tre sesongar, men halvvegspunktet vert nådd alt etter 12 veker.

Maksimum bonus: +1 dugleiksnivå i alle evner (ekskludert kondisjon)

Døme: Børge Kilen er ein solid ballfordelar som er akseptabel i forsvar, og han har maks (guddomleg) lojalitet. Han vil då prestera som om han var ein utmerkt ballfordelar som er solid i forsvar (og dette vil også bli reflektert i stjernekarakteren hans).

Når ein spelar når guddomleg lojalitet får han full bonus. Ungdomsspelarane dine startar med guddomleg lojalitet.

Ver venleg og ver merksam på at ein spelar mistar lojaliteten til klubben din om du sel han til ein annan klubb. Så om du ved eit seinare høve kjøper han attende, så må du byggja opp lojaliteten hans frå botn av.

Moderklubbsbonus

Spelarar som spelar for moderklubben sin, slik som ungdomsspelarane dine, og har gjort det heile karrieren sin, vil alltid gje litt ekstra på bana, ettersom dei har ein spesiell plass for klubben i hjarta deira.

Bonus: +0,5 dugleiksnivå på alle evner (ekskludert kondisjon).

Spelarar som har spelt for moderklubben sin heile karrieren vert indikert med eit hjarte-ikon på spelarsida deira. Ver venleg og ver merksam på at ungdomsspelarar du har selt og så kjøpt attende ikkje vil få denne bonusen.

Opparbeiding av båe bonusar

Det er sjølvsagt mogleg for ein spelar å oppnå båe bonusar. Så når du forfremjar ein ungdomsspelar (det er naturlegvis uavhengig av kva ungdomssystem du nyttar) til seniorstallen, så vil han få 1,5 dugleiksnivå i bonus i alle spelarevner (ekskludert kondisjon) heilt til du sel han.

Total Skill Index (TSI)

Total Skill Index (Samla mål på evner) er eit mål på kor god ein spelar er. TSI aukar med trening, men kan òg auka (og minka) med endringar i forma til spelaren.

Form

Dess betre form ein spelar er i, dess betre kan han prestera. Dette dreier seg ikkje om fysisk form, og det har ingen ting å gjera med kor godt trent ein spelar er. Form i Hattrick reflekterer ei rad med forhold som gjer det mogleg for, eller som hindrar, ein spelar å nå det fulle potensialet sitt. Til dømes kan ting som hender i privatlivet til spelarane, påverka prestasjonane deira.

På spelarsida kan du sjå den "noverande forma" til spelaren. Det er den forma som gjeld i kampane. Ein "utmerkt" spelar i "katastrofal" form vil vanlegvis spela dårlegare enn ein "brukbar" spelar i "god" form, til dømes. Den noverande forma vert påverka i negativ retning av mengda med kondisjonstrening som laget held på med; dess høgare del med kondisjonstrening (prosentvis), dess meir negativ er effekten.

I tillegg finst det ei løynd bakgrunnsform. Denne bakgrunnsforma vert brukt til å rekna ut korleis forma til ein spelar skal endra seg. Under treningsoppdateringa kvar veke vert den noverande forma til spelarane endra, og ho endrar seg då i retning av det nivået som bakgrunnsforma har. Den noverande forma vert ikkje heilt lik bakgrunnsforma med det same. I staden endrar ho seg i små steg i retning av bakgrunnsforma. Likevel, dess lengre unna den noverande forma ligg frå bakgrunnsforma, dess større vil desse stega i endringa vera.

Etter at den noverande forma har vorte endra under treninga, kan det òg vera at bakgrunnsforma har endra seg. Alle spelarane har den same sjansen for å få denne endringa i bakgrunnsform, og du kan ikkje gjera noko frå eller til for å påverka det. Likevel, når noko gjer at bakgrunnsforma vert endra, er det fleire faktorar som avgjer kva den nye bakgrunnsforma vert:

  • Om spelaren har vore med og spela kamp i veka som har gått. Dette er veldig viktig.
  • Treningsintensiteten – dess hardare du trenar, dess betre form får spelaren generelt sett.
  • Trenaren din – dess betre trenar, dess betre form får spelaren generelt sett.
  • Formtrenar - ein formtrenar er spesialisert i å betra forma.
  • Assistenttrenarar – assistentane får òg forma til å stiga.

Spesialitetar

Om lag halvparten av spelarane har ein særskild eigenskap kalla "spesialitet", som påverknad på kampar. Alle spelarar med ein spesialitet får 10% bonus på løna.

Det finst 5 ulike hovudspesialitetar tilgjengeleg for spelarar: "teknisk", "snøgg", "hovud", "sterk" og "omskifteleg". Kvar av desse spesialitetane har både positive og negative sider, og dette vert forklåra nærare i kapitlet Kampar: daudball og spesielle hendingar. Spesialitetar kan òg ha mykje å seia for ulike taktikkar, og dette vert forklåra i taktikk-kapitlet.

To sjeldne spesialitetar finst òg: seiging og lagspelar. Seigingane vil verta snøggare friske etter skadar og kan i tillegg trasse småskadar som kjem i ein kamp. Lagspelarane vil prøve å hjelpe lagkameratane som er i nærleiken på bana. Viss dei lukkast presterer lagkameratane betre, men det kan òg, om dei ikkje lukkast, føre til fall i organiseringa for heile laget.

Skadar

Av og til vert spelarar skadde. I så fall vil skaden, med mindre det er ein svært liten skade, tvinga spelaren til å stå over eit par kampar. Risikoen for skadar aukar med treningsintensiteten, eller etter kor mange assistenttrenarnivå du har i støtteapparatet.

Eldre spelarar brukar lang tid på å verta friske, og du kan tilsetja ein lege for å lækja skadane raskare. Legen vil òg redusera risikoen for skadar. Spelarar i førtiåra vil likevel ha store problem med å nokon gong verta friske i det heile. Det er òg verdt å hugsa at den forventa skadetida reknast i veker - om stjerneangriparen din har ei skadetid på ei veke, vil det ta inntil ei veke før han er klar til dyst att.

Gule og raude kort

Spelarar kan få åtvaringar eller sendt av bana i ein kamp, veldig aggressive spelarar (og spesielt uærlege spelarar som manglar røynsle) oftare enn andre. To gule kort i den same kampen vil automatisk føra til eit raudt kort og at spelaren vert utvist. Utvising vil seie at spelaren må stå over den neste obligatoriske kampen til laget. Ein spelar vil òg verta nøydd til å stå over den neste kampen når han har fått tre gule kort i dei obligatoriske kampane gjennom sesongen. Kort frå serie-, cup- og kvalifiseringskampar går for det same. Om ein spelar allereie har fått to gule kort i seriekampane, og han får endå eit i ein følgjande cupkamp, må han stå over den neste kampen, same om det er ein serie-, cup- eller kvalifiseringskamp.

Du kan sjekka spelarlista di for å sjå kor mange gule kort spelarane dine har fått før ein kamp. Ein spelar som har fått tre gule kort, eller som har vorte send av bana i førre kampen, vil ha eit raudt kort-symbol på spelarlista, slik at du ser han er utestengd. Dei utestengde spelarane vil få lov til å spela att, straks laget har spela ein teljande kamp. I tillegg vert rullebladet til alle spelarane sletta på slutten av kvar sesong. Overgangar har ingen påverknad for rullebladet. Ein spelar kan ikkje verta utestengd (eller verta speleklar att) etter ein treningskamp.

Lagoppstillinga: det grunnleggjande

Som manager for laget ditt kan du avgjera korleis laget ditt skal spela og kva formasjon dei skal spela i. Før kvar kamp legg du fram di avgjersle – din kampordre – ved hjelp av skjemaet "kampordre" som du finn på sida med kampane dine. Ein kampordre må vera send seinast 20 minutt før kampstart, men hugs at klokka til dommaren ikkje alltid vil vera samd med deg, så prøv å unngå ordrar i siste liten, om du kan. Du kan gjera éi spesiell lagoppstilling til "standardoppstillinga" di (noko me rår deg til å gjera, for å sikra at du alltid stiller lag til kampane). Dette vil seia at Hattrick set opp dette laget til alle dei framtidige kampane dine, men deretter kan du endra kampordren sjølv, før kvar einskild kamp.

Startoppstilling og innbyttarar

Før kvar einaste kamp vel du elleve spelarar som skal starta. Du vel òg nokre innbyttarar, ein dødballtakar og ein lagkaptein. I ordreskjemaet gjer du vala dine ved å dra spelarane på plass med datamusa.

Om ein av spelarane dine vert skadd, vil innbyttaren du har sett opp på den posisjonen, koma inn på bana. Om du ikkje har valt ein innbyttar til den posisjonen, eller om innbyttaren er skadd sjølv, vil ein av dei andre innbyttarane verta vald automatisk. Om du ikkje har nokon innbyttarar i det heile, må du spela resten av kampen med berre ti mann. Om målmannen din vert skadd, og du ikkje har fleire innbyttarar (eller ikkje har valt nokon), kjem ein av utespelarane til å ta over. Du kan òg setja opp nokre innbyttarar som kjem inn i særskilde tilfelle. Sjå eit eige kapittel om innbyttarar for å få meir informasjon om dette.

Walkover

Hugs at du må byrja serie- eller cupkampane dine med minst 9 spelarar.

Om lagopstillinga di inneheld mindre enn 9 spelarar, men du har spelarar tilgjengeleg i troppen din, så vil andre klubbfunksjonærar steppe inn og setje opp eit lag for den særskilde kampen. Når dette skjer, vil det føre til lågare lagånd, form, sjølvtillit og formasjonsrøynsle for laget ditt samanlikna med om du hadde sett opp laget sjølv. Dette gjeld berre den eine kampen. På plussida, så vil spelarane dine framleis motta trening for kampen.

Om det ikkje er nok spelarar i troppen for ein gyldig lagoppstilling, så vil laget ditt straffast med walk-over. Dette straffar òg laget på same måten som skildra ovanfor, men hindrar òg noko effektiv trening for denne kampen.

Om du ikkje stiller med minst 9 spelarar på bana i ikkje-teljande kampar eller ungdomskampar, då vil unggutar frå nabolaget erstatta laget ditt. I motsetning til teljande kampar, så vil ikkje dette ha ein negativ effekt for treninga til dei av spelarane som har vore på bana i ein teljande kamp den veka.

Å velja formasjon

Du kan spele med alle formasjonar som kan opprettast i brukargrensesnittet; treningssida di inneheld også den heile formasjonslista.

Verdt å vite er at når meir enn ein spelar speler i ein sentral posisjon (midtstoppar, sentral midtbanespelar eller angripar); vil dei ikkje vere i stand til å bidra med full kapasitet til lagkarakterane. Dette bidragstapet er også større for tre spelarar enn for to. Logikken bak dette er at så snart meir enn ein spelar speler i same område, så vil dei byrje å verta avhengig av kvarandre og soleis ikkje i stand til å bidra med deira fulle kapasitet.

Kort sagt, ein einsam spelar i ein sentral posisjon bidreg 100%. Å nytte to spelarar i ein sentral posisjon gir eit bidragstap (verkar på begge), og å nytte tre gir eit større tap (verkar på alle tre). Dette tapet har verknad på alle evnene til spelaren.

Storleiken på bidragstapet er også større for sentrale midtbanespelarar enn for angriparar, og større for angriparar enn for forsvararar. Meir eksakt er tapet for sentrale midtbanespelarar om lag det dobbelte av forsvararane, angriparane ligg om lag i midten av desse to.

Taktikk og laginnstilling

I kampordreskjemaet kan du òg velja taktikk (om du brukar ein) og laginnstilling for kvar einskild kamp. Dei ulike taktikktypane vert skildra i kapitlet Kamp: taktikk, medan laginnstillinga vert skildra i kapitlet om psykologi.

Oppassar-ordre

Ved å nytte oppassarmoglegheiten kan du instruere ein av spelarane dine til å følgje og prøve å nøytralisere ein lykelspelar på motstandarlaget. Å nytte ein oppassar er ikkje uten risiko, så ver varsam, men med rett spelar til riktig tid kan det vera ein effektiv måte å jamne ut sjansane i ein kamp.

Prinsippet er at du gjev ordre om at ein av spelarane dine skal følgje og hindre ein spesifikk spelar på motstandarlaget. Om motspelaren er på bana vert ordren sett ut i livet 5 minutt ut i kampen og spelaren din vil bidra mykje mindre til eige lag enn normalt. For å vera konkret: 50% mindre om motspelaren er nær og 65% mindre om han er lengre unna. Føremonen din er vonleg at målet for oppassaren òg vil bidra mindre. Dette kjem an på kor effektiv spelaren din er som oppassar. Trikset er sjølvsagt å finne ut av om oppassaren løner seg i ulike situasjonar.

Ein spelar som får beskjed om å vera oppassar kan ikkje gjevast andre instruksjonar. Ordrar om å vera offensiv, defensiv, gå mot kant eller mot midten vil i så fall falle bort.

Du kan berre gje éin oppassarordre per kamp. Ordren kan gjevast til forsvarar og midtbanespelarar. Dei kan passe på angriparar, vingar og midtbanespelarar hjå motstandaren. Om spelaren som skal passast på ikkje møter opp, eller spelar i ein posisjon det ikkje er mogleg å passe på, vert ordren ugyldig, men spelaren din vil like vel miste 10% av bidraget sitt. Ein oppassarordre som ikkje aktiverast frå starten av vil tre i kraft seinare om målet for ordren byttast inn i ein posisjon som kan passast på.

Når ein oppassarordre er aktivert vil ikkje oppassaren bidra til lagtaktikken (til dømes Press eller Kontringsspel). Om oppassarordren ikkje er aktivert vil han like vel bidra til lagtaktikken, men med 10% straff, som nemnt over.

Forsvarsevna tel mest for oppassaren. Ho samanliknast med den høgaste evna til spelaraen som skal passast på. Dette avgjer kor mykje spelaren til motstandaren hemmast i bidraget sitt. Sterke spelarar aukar forsvarsevna med 10% i oppassarsituasjonar, medan spelarar uten spesialitet aukar 5%. Tekniske spelarar som passast på vil få ein straff på den beste evna (8%), medan omskiftelege vil auke 8%. Form, kondisjon, røynsle, lojalitet, moderklubbspelarar og skadar er viktige for både oppassarar og målet for oppassarane. Merk at alle bonusane og straffane som følgjer av spesialitetane berre er med i effekten av oppassinga og ikkje påverkar karakterane.

Straffene som følgjer med oppassarordren påverkar alle evner med unnatak for Målvakt og Daudball. Straffene for målet for oppassaren gjeld ikkje forsvarsevna.

Individuelle ordrar

Du kan gje alle utespelarane på bana individuelle ordrar. Du kan til dømes gje midtbanespelaren din ordre om å spela defensivt. Dette tyder at han framleis er midtbanespelar, men han har meir fokus på forsvar enn normalt. Han vil då gje mindre effekt framover på bana. Det er fire individuelle ordrer, sjå alle i tabellen som tydeleg viser kva dei enkelte ordrane fører til. Du kan òg be ein spelar om å vera oppassar for ein stjernespelar på motstandarlaget. Det er meir om dette på "Oppassar"-sida.
Posisjon Taktikk Effekt
Sideforsvarar Offensiv Noko meir kant, noko meir ballfordeling, mindre forsvar.
Defensiv Noko meir forsvar, mindre kant, noko mindre ballfordeling
Mot midten Mykje meir forsvar mot midten, mindre forsvar mot sidene, mykje mindre kant, noko meir ballfordeling
Midtstoppar Offensiv Noko meir ballfordeling, mykje mindre forsvar
Mot kanten Mykje meir forsvar mot sidene, mykje mindre forsvar i midten, ein viss del kant, noko mindre ballfordeling
Kantspelar Offensiv Meir kant, noko meir pasningar, mindre forsvar, mindre ballfordeling
Defensiv Mykje meir forsvar, mindre kant, mindre ballfordeling og noko mindre pasningar
Mot midten Noko meir ballfordeling, mindre kant, noko meir forsvar i midten, noko mindre forsvar mot sidene, noko meir pasningar i midten, mindre pasningar mot sidene
Midtbanespelar Offensiv Meir pasningar, mykje mindre forsvar, noko mindre ballfordeling, noko mindre målskåring
Defensiv Meir forsvar, mindre pasningar, noko mindre ballfordeling, noko mindre målskåring
Mot kanten Ein liten del kant, noko mindre ballfordeling, noko meir pasningar og forsvar på sidene, noko mindre pasningar/forsvar i midten, ingen målskåring
Angripar Defensiv Noko meir ballfordeling, meir pasningar (og endå meir pasning til sidene for tekniske angriparar), mykje mindre målskåring, noko mindre kant
Mot kanten Meir kant, mykje meir målskåring og pasningar mot sidene, mykje mindre målskåring og noko mindre pasningar i midten, noko mindre målskåring, kant og pasningar på den andre sida, noko mindre ballfordeling

Kamp: det grunnleggjande

Ei av dei største utfordringane i Hattrick er å finna den rette lagoppstillinga. I dette og dei neste kapitla vil me fokusera på korleis eigenskapane til ein spelar gjer seg gjeldande i ein kamp. Dette kapitlet vil gje deg det mest grunnleggjande - det som er viktigast å vita.

Grunnleggjande om kampsimulering

I kvar omgang vert det spela eit visst tal med angrep, og midtbana avgjer kva lag som får kvart av desse angrepa. Laget med den sterkaste midtbana (laget som mest ballinnehav) vil mest sannsynleg få dei fleste av angrepa.  Når eit lag får eit angrep, vert det bestemt kva type angrep det er. Grunnleggjande angrep er sett saman av angrep på høgre kant, venstre kant eller sentralt, og i tillegg daudballar (frispark og straffespark). Det angripande laget sitt angrep for den sektoren vil då freista å bryta gjennom det forsvarande laget sitt forsvar for den sektoren.

Basisangrepa

I kvar kamp vert det spela eit visst antal basisangrep (slik me har forklåra ovanfor). Nokre av desse angrepa er opne, kan takast av båe lag, og nokre er eksklusive for berre eit av laga.

For opne angrep er det midtbana som avgjer kva lag som får kvart angrep. Eksklusive angrep fungerer på same vis, med eit unnatak: Om midtbana di "vinn" eit av dine motstandarars angrep; stoggar du angrepet - men du får det ikkje sjølv. Du kan ikkje få dine motstandarars ekslusive sjanser, og dei kan ikkje få dine.

Dei fleste av basisangrepa vert nemnde i kamprapporten, men angrep som er langt frå å vera farlege, vert ikkje rapporterte.   Du kan òg få ekstra angrep ut frå "spesialhendingar" og kontringar. Desse ekstra angrepa er omtalte i dei to andre kamp-kapitla.

Heimefordel

Heimelaget får stor hjelp av tilhengjarane sine. Til vanleg har du ballen ein større del av tida heime enn borte.  Når begge laga som spelar kampen kjem frå same regionen, så vert kampen sett på som eit derby. I så høve vil heimelaget framleis ha fordel av heimebane, men bortelaget får òg ein auka effekt om lag halvparten av det heimelaget får. Kampar på nøytral bane gjev ingen heimebanebonus, sjølv om eit lag er frå den same regionen som den nøytrale bana.

Psykologi og sinnelaget til trenaren

Lagånd, sjølvtillit og laginnstilling verkar inn på kor godt laget ditt spelar. Du kan lesa alt om korleis Hattrick simulerer dette i "Psykologi"-kapitlet.
Sinnelaget til trenaren (om han er offensiv, defensiv eller nøytral) spelar òg ei rolle. Les meir om dette i kapitlet "Trenaren".

Fokuser på lagdelskarakterane!

Etter at ein kamp er ferdig, vil du få ein lagdelskarakter for kvar del av laget. Desse karakterane vil fortelja deg kor bra dei ulike delane av laget ditt har prestert i kampen og desse karakterane er òg det som tel i sjølve kampsimuleringa.

Kampkarakternemningane (skalaen går frå fråverande til guddomleg) er òg spesifisert i fire undernivå: veldig låg, låg, høg og veldig høg. Slik kan ein betre vete kor god rangeringa er innan eit visst nivå. Til dømes ein "veldig høg solid" karakter er berre litt dårlegare enn "veldig låg utmerkt", men mykje betre enn "veldig låg brukbar".

Stjernekarakterar

Etter alle kampane får kvar spelar karakterar i stjerner for prestasjonen i kampen. Dess fleire stjerner, dess betre prestasjon.

Merk deg at stjernekarakterane berre viser den individuelle prestasjonen til spelaren på akkurat den posisjonen. Karakterane kan difor brukast til å samanlikna to spelarar som spelar på den same posisjonen. Men stjernekarakterane seier ikkje alt om den samla styrken til laget. For å vita kor godt laget ditt spela, og for å samanlikna det med andre lag, må du sjå på lagkarakterane.

Ver og venleg å merka deg at lageffekter (t.d. bidragstap for meir enn ein spelar i ein sentral posisjon, sjå kapittelet for standard formasjonar) vert ikkje reflektert i stjernerangeringa.

Eit vanleg tilfelle

Kort fortalt: korleis midtbana di er, avgjer kor mange målsjansar laget ditt produserer gjennom ein kamp. Dei andre lagdelane avgjer sjansen for at eit angrep fører til mål.

Den følgjande tabellen kan hjelpa deg litt når du skal setja opp eit lag. Merk deg at tabellen berre er omtrentleg.  Innan nokre evner vil det berre vera små forskjellar i prestasjonar mellom nivåa, men for andre kan det vera stor forskjell. I tillegg er det ikkje teke omsyn til individuelle ordrar eller bidragstap for to eller fleire spelarar som spelar i ein sentral posisjon (sjå eige kapittel).

Lagdel Faktorar (dei viktigaste står fyrst)
Midtbane Ballfordeling sentrale midtbanespelarar
Ballfordeling kantspelarar
Ballfordeling midtstopparar
Ballfordeling angriparar
Ballfordeling sideforsvararar
Angrep på venstresida Kant venstre kantspelar
Kant venstre sideforsvarar
Målskåring angriparar
Pasning venstre sentrale midtbanespelar
Pasning venstre kantspelar
Kantspelar angriparar
Pasning angriparar
Pasning sentrale midtbanespelarar
Forsvar på venstresida Forsvar venstre sideforsvarar
Målvakt målvakt
Forsvar venstre midtstoppar
Forsvar venstre kantspelar
Forsvar sentral midtstoppar
Forsvar målvakt
Forsvar venstre sentrale midtbanespelar
Forsvar sentral midtbanespelar
Angrip i midten Målskåring angriparar
Pasning angriparar
Pasning sentrale midtbanespelarar
Målskåring sentrale midtbanespelarar
Pasning kantspelarar
Midtforsvar Forsvar midtstopparar
Målvakt målvakt
Forsvar sentrale midtbanespelarar
Forsvar sideforsvararar
Forsvar målvakt
Forsvar kantspelarar
Angrip på høgresida Kant høgre kantspelar
Kant høgre sideforsvarar
Målskåring angriparar
Pasning høgre midtbanespelar
Pasning høgre kantspelar
Kantspelar angriparar
Pasning angriparar
Pasning sentrale midtbanespelarar
Forsvar på høgresida Forsvar høgre sideforsvarar
Målvakt målvakt
Forsvar høgre midtstoppar
Forsvar høgre kantspelar
Forsvar sentral midtstoppar
Forsvar målvakt
Forsvar høgre sentrale midtbanespelar
Forsvar sentral midtbanespelar

Trening

Kvar veke får du velja kva type trening du vil at spelarane dine skal konsentrera seg om i treningsøktene. Effekten av treninga den aktuelle veka vil alltid visast under treningsoppdateringa, anten på torsdag eller fredag, avhengig av kva land du er i. Treningsordrane som er valde når oppdateringa tek til, fortel kva laget trenar på den veka. Endringar i den noverande forma til spelarane og bakgrunnsforma deira vert òg vist på dette tidspunktet.

Evnenivå og alder på spelarar

Yngre spelarar lærer generelt sett raskare enn eldre spelarar, men kor mykje spelaren din får ut av treninga, kjem òg an på kva nivå han er på – dess lågare nivå, dess raskare trenar han seg opp.  På svært låge nivå går treninga mange gonger raskare enn treninga på eit middels nivå, og trening på svært høge nivå tek lenger tid enn ho gjer på eit middels nivå.

Om me ser bort ifrå alder og evnenivå, er det fire faktorar som påverkar effekten av treninga: intensiteten på treninga, treningstypen, kor stor del av treninga som er kondisjonstrening, og trenargruppa di (hovudtrenaren og assistentane).

Treningsintensitet

Dess hardare treningane er, dess betre form kjem laget ditt til å koma i, og treningseffekten aukar. Du bestemmer intensiteten ved å skriva eit nummer mellom 0 og 100.  Det som er dumt med høg treningsintensitet, er at det vert lettare å få skadar. Du må sjølv avgjera kva for intensitet som passar deg best - spør dei andre lagleiarane på forumet.

Om du senkjer treningsintensiteten mykje, kan du få ein "eingongsauke" i lagånd. Når du så legg inn ordre om å auka intensiteten att, vil lagånda forståeleg nok bli litt dårlegare. Om du ynskjer å byta treningsintensitet, må du hugsa at det nye nummeret må vera skrive inn seinast ei oppdatering før treningsoppdateringa.

Treningstypar

Du kan velja mellom 11 treningstypar. Alle desse typane gjer spelarane dine betre i noko. Dei ulike typar trening vert synt i tabellen under.

Trenargruppa

Om du har ein god trenar, vil treninga gje betre resultat enn om du har ein dårleg trenar. Assistenttrenarar aukar effekten av treninga.

Kondisjonstrening

Kondisjonen må spelarane trena kvar veke, som ein del av den totale treninga til laget. Utbytet vil verta mindre dess høgare intensitet det er på kondisjonstreninga – det er betre å trena lite grann kvar veke enn å trena mykje ei kort stund.  Eldre spelarar treng meir trening kvar veke for å halda seg på eit visst kondisjonsnivå, og det tyder at kvar lagleiar må finna den rette mengda med kondisjonstrening for laget sitt og for dei ambisjonane ein har for laget.  Spelarar som har spela minst 90 minutt for laget ditt den siste veka, får 100% effekt av kondisjonstreninga til laget. Spelarar som spelar mindre enn 90 minutt (til dømes reservar), får 75% av effekten, pluss ein del for kvart minutt dei har spela. Andre spelarar i troppen som ikkje har spela for laget ditt gjennom veka, men som er friske nok til å trena (inkludert småskadde spelarar) får halv effekt. Skadde spelarar får ingen effekt av kondisjonstreninga.

Kondisjonstrening påverkar den generelle forma til laget ditt i negativ retning: dess høgare del med kondisjonstrening, dess større er den negative påverknaden på forma.  Ein bør òg merka seg at berre den noverande forma, og ikkje bakgrunnsforma, vert påverka av kondisjonstreninga.

Grunnleggjande prinsipp

Mengda med trening som ein spelar kan få, kjem an på kor mange minutt han har spela i ein trenbar posisjon for laget ditt i ein teljande eller treningskamp. Kampar spelt for andre lag vil berre gjelda for formoppdateringa, og ingen trening vil verta motteken. Om ein spelar ikkje har vore involvert i kamp eller ikkje spelt minst eitt minutt, vil han heller ikkje få noko trening. Ein spelar kan få 90 minutt med trening kvar veke. Om han spelar meir enn 90 minutt i ein trenbar posisjon, vil ikkje det gje meir trening. Spelar han derimot mindre, til dømes 50 minutt, vil det gje han mindre trening – i dette dømet vil det seia at han får 50 av 90 minutt med trening.

Om ein spelar har spela i meir enn ein posisjon i løpet av veka, så vil dei 90 minutta som gjev han den beste treningseffekten bli vald ved treningsoppdateringa. Individuell spelarframferd i løpet av kampane har inga påverknad for treninga.

Spelarar på kanten vil berre motta halvparten av treninga når dei trenar ballfordeling. Det same gjeld for sideforsvararar når dei trenar kantspel.

Det har ingenting å seia om ein spelar speler i ein treningskamp, ein cupkamp eller ein seriekamp - dei gjev alle same utteljinga når det gjeld treningseffekt.

Likevel, om du ikkje har nok spelarar på bana før start av ein teljande kamp, vil motstandaren få sigeren på walkover. I så fall vil du berre miste treninga for denne særskilde kampen. All treninga for den veka vil ikkje gå tapt.

På den andre sida, om du stiller lag til ein teljande kamp, men ikkje motstandaren din, er det du som får sigeren på walkover. Dei 11 som startar kampen vil få trening som normalt, men vil ikkje få noko meir spelarrøynsle.

Parentesar tyder liten effekt. Doble parentesar tyder svært liten effekt.

Treningstype Betrar ...for...
Daudball Daudball Alle spelarar som spelar kampar, 25% bonus til målvakta og dødballtakaren
Forsvar Forsvar Forsvararane ((Alle spelarar som har spela kamp))
Målskåring Målskåring Angriparane ((Alle spelarar som har spela kamp))
Kantspel Kantspel Kantspelarane (Sideforsvararane) ((Alle spelarar som har spela kamp))
Målskåring og daudball (Målskåring) (Alle spelarar som har spela kamp)
(Daudball) ((Alle spelarar som har spela kamp))
Pasningar Pasningar Dei sentrale midtbanespelarane, kantspelarane og angriparane ((Alle spelarar som har spela kamp))
Ballfordeling Ballfordeling Dei sentrale midtbanespelarane (Kantspelarane) ((Alle spelarar som har spela kamp))
Målvakt Målvakt Målvakta
Pasningar (Forsvarar + Midtbanespelarar) Pasningar Forsvararane, dei sentrale midtbanespelarane og kantspelarane ((Alle spelarar som har spela kamp))
Forsvar (Forsvarar + Midtbanesplarar) Forsvar (Målvakta, forsvararane, dei sentrale midtbanespelarane og kantspelarane) ((Alle spelarar som har spela kamp))
Kantspel (Kantspelarar + Spissar) Kantspel Angriparane og kantspelarane ((Alle spelarar som har spela kamp))
Individuell (Gjeld berre ungdomslag) Verdfulle evner for posisjonen der han spelar i kampen (Alle spelarar som har spela kamp)

Døme

Laget trenar på "kantspel" denne veka. Merk deg at den faktiske kampdagen kan variera - med laurdag meiner me kampdagen i det landet der kampen går, medan onsdag tyder treningskamp / cupkamp.

  • Kjell Kjellsen spela 90 minutt som kantspelar på laurdag, men gjekk glipp av kampen på onsdag. Han får 90 minutt med full kantspeltrening.
  • Pål Pålsen spela 90 minutt som kantspelar på laurdag, og han spela 90 minutt som angripar på onsdag. Han får 90 minutt med full kantspeltrening.
  • Ola Nordmann spela 50 minutt som kantspelar på laurdag, og han spela 90 minutt som sideforsvarar på onsdag. Han får 50 minutt med full kantspeltrening og 40 minutt med kantspeltrening med liten effekt.
  • David Davidsen spela 40 minutt som kantspelar på laurdag, og 90 minutt som angripar på onsdag. Han får 40 minutt med full kantspeltrening og 50 minutt med kantspeltrening med liten effekt ("osmosetrening").
  • Ola Normann spelar 90 minutt som sideforsvarar både sundag og onsdag. Han får framleis berre 90 minutt trening i kantspel med liten effekt.
  • Rolv Rolvsen spela korkje på laurdag eller på onsdag. Han får ikkje noko trening i det heile.

Tap av evner

Når ein spelar byrjar å nærma seg 30 år, tek han til å tapa litt av evnene sine kvar veke. Kor stort tapet er, kjem an på kor gamal spelaren er og kva for eit evnenivå han er på. Dess høgare nivå han er på, dess større vert tapet. Eldre spelarar taper òg meir av evnene sine enn det yngre spelarar gjer.

Trenaren

Trenaren din er ein viktig person, både med tanke på sjølve treninga og på inspirasjonen til spelarane dine.

Trenareigenskapar

Evne: Ein dyktig trenar veit korleis treninga må gå føre seg for at spelarane skal verta betre. Dess betre trenar du har, dess meir effektiv vil treninga verta. Ein trenar kan aldri verta betre enn nivå 5 (utmerkt). Alle nye lag vil få ein nivå 3 (brukbar) trenar til å byrja med.

Leiarevne: I tillegg til å kunna trena opp spelarane effektivt, er trenaren din viktig for å inspirera spelarane dine. Lagånda kjem til å verta betre generelt sett, dersom trenaren din er ein god leiar.

Taktikk: Trenaren din kan vera defensiv, offensiv eller nøytral, noko som berre påverkar prestasjonen til spelarane dine i kampane. Ein offensiv trenar styrkjer angrepet ditt, men tenkjer mindre på forsvaret, medan ein defensiv trenar styrkjer forsvaret, men bryr seg mindre om angrepet. Ein defensiv trenar styrkjer forsvaret litt meir enn ein offensiv trenar styrkjer angrepet, men har òg tilsvarande effekt på den motsette lagdelen. Ein nøytral trenar er korkje offensiv eller defensiv, og på det viset korkje styrkjer eller svekkjer han nokon del av laget.

Tap av evner

Når trenaren har vore i klubben ein sesong, vil leiarevna hans langsamt ta til å minka. Straks leiarevna er nede på katastrofal, vil trenarevna hans byrja å minka i staden.

Å byta trenar

Om du ikkje er nøgd med trenaren din, kan du anten velja å rekruttera ein ekstern trenar, eller å gjera ein av dine eigne spelarar til trenar. Ein spelar må ha vore minst 16 veker i klubben din før han kan gjerast om til trenar. Du kan endra trenaren din på "Tilsette"-sida, som du finn under "Klubben min"-menyen.

Kom i hug at alle trenarane på eit visst evnenivå er akkurat like gode. Om du kjøper deg ein trenar med nivå 3 (brukbar) trenarevne, vil han alltid verte "gjennomsnittleg" nivå 3 (brukbar) trenar. (ein nivå 5, utmerkt trenar, vil likevel vere berre 1/2 steg betre enn ein nivå 4, solid trenar).

Når du hentar inn ein ny trenar, vil den gamle trenaren verta verande som spelar i stallen din, men han kan aldri verta trenar att, og du kan heller ikkje selja han. Om du ikkje vil ha han med i stallen din vidare, vert du nøydd til å sparka han.

Rekruttera ein ekstern trenar

Når du skal velja deg ein trenar, er det viktig å avgjera kva for ein spelestil du vil trenaren din skal ha, og så må du bestemma kor god han skal vera. Kvar kombinasjon av leiarevne og trenarevne har ein fast pris. Dess betre trenar, dess høgare pris.

Leiarevne
Nivå dårleg (3) veik (4) måteleg (5) brukbar (6) solid (7)
Nivå: 1 - veik (4)
10 000 US$ 10 000 US$ 10 000 US$ 10 000 US$ 10 000 US$
Nivå: 2 - måteleg (5)
10 000 US$ 22 800 US$ 41 200 US$ 65 100 US$ 94 600 US$
Nivå: 3 - brukbar (6)
79 600 US$ 182 800 US$ 329 700 US$ 521 000 US$ 757 100 US$
Nivå: 4 - solid (7)
268 700 US$ 617 100 US$ 1 112 900 US$ 1 758 500 US$ 2 555 500 US$
Nivå: 5 - utmerkt (8)
4 000 000 US$ 4 388 400 US$ 7 914 600 US$ 12 505 200 US$ 18 172 500 US$

Å gjera ein spelar om til trenar

Når du gjer ein spelar om til trenar, vil han framleis ha den leiarevna han hadde som spelar. Det er røynsla hans som avgjer kor god trenarevne han kan få, og kor mykje det vil kosta å få han opp på eit visst nivå. Så om du har ein spelar med høg røynsle og leiarevne, kan du verkeleg spara pengar. Spelaren kan uansett ikkje oppnå ei høgare trenarevne enn kva han har røynsle, og spelaren må ha vore i laget ditt i minst ein sesong (16 veker) før du kan gjera han om til ein trenar.

Finansane

Som leiar i klubben er du òg ansvarleg for økonomien i klubben. Du betaler utgiftene og får inntektene under den økonomiske oppdateringa kvar veke. Du kan sjå den nøyaktige tida for kor tid dette skjer i ligaen din på sida forLokalt oppsett. Viss du for eksempel kjøper ein spelar for 10 000 US$, vil spelaren vera tilgjengeleg med ein gong, og posten din for "Nye signeringar" vil auka med 10 000 US$.

Inntekter og utgifter

PÅ finanssida kan du sjå budsjettet for denne veka og for den finansielle statusen etter førre veka. Dette er det oppføringane tyder:

Inntekter

Kampinntekter: Inntektene frå seriekampane når du spelar heime, og for kampane midt i veka. Sjå kapittel 10 'Stadion' for meir informasjon om inntekter frå tilskodarane dine.

Sponsorar: Kvar veke får du ein sum frå sponsorane dine. Sjekk kapitlet om 'Tilhengjarar og sponsorar' for å få meir informasjon.

Spelarsal: Kvar gong du sel ein spelar, vil inntekta dukka opp her. Sjå kapitlet 'Overgangar' for å få meir informasjon.

Provisjon: Når du får pengar som tidlegare klubb eller moderklubb til ein spelar, kjem det til synes her. Sjå kapitlet 'Overgangar' for å få meir informasjon.

Ymse: All den andre inntekta vert samla her, slik som medlemskontingent frå tilhengjarane og premiepengar.

Utgifter

Løn: Kvar veke betaler du løn til spelarane dine. For kva spelar betalar du 250 US$ kva veke, pluss ein viss sum som vert rekna ut frå evnene og alderen hans. Du betaler dessutan 20% ekstra for spelarar som kjem frå utlandet.

Stadion: Dette er kostnaden du må betala kvar einaste veke for å driva stadionet ditt og halda det i stand. Sjå kapittel 10 'Stadion' for å få meir informasjon.

Stadionbygging: Kostnader når du byggjer opp eller tek bort sete på stadionet ditt.

Tilsette: Kvar medlem av støtteapparatet kostar deg mellom 1 020 US$ og 33 840 US$ kvar veke, avhengig av nivået på spesialisten (1 til 5) og kontraktlengda (1 til 16 veker).

Ungdomsspeiding: Dette er kostnadene til å driva ungdomslaget ditt, eller den investeringa du gjer i speidarnettverket ditt kvar veke.

Nye signeringar: Kostnadene når du kjøper nye spelarar på overgangsmarknaden, dukkar opp her. Sjå kapitlet 'Overgangar' for å få meir informasjon.

Mellombels: Alle dei resterande utgiftene dine vert lagde inn her, slike som oppseiingar i staben, og kostnader til spelarar du har forfremma til seniorlaget ditt.

Renter: Viss du har gjeld, må du betala renter.

Kontantar og styrereservar

Styret set ei grense for kor mykje pengar som er tilgjengeleg i kontantar for manageren til kostnader som til dømes løn, spelarovergangar eller stadionprosjekt. Alle midlar utover driftskapitalen vil bli reservert av styret for å sikra den framtidige drifta av klubben. Om naudsynt, så vil styret frigjere pengar frå reservane til driftskapital, men berre til ei tilmålt rate.

Finansdirektøren er ein tilsett som kan auka både driftskapitalen og avkastinga på kontantreservane.

Gjeld og Konkurs

Det er ingen som hindrar deg i å bruka pengar, sjølv om saldoen på kontoen din er null. Du kan opparbeida deg litt gjeld, og framleis bruke pengar på til dømes spelarkjøp og tilsetting av ein trenar. Når du kjem til 200 000 US$ i gjeld, så vert handlingsrommet ditt redusert. Då har du framleis ei kredittgrense opp til 500 000 US$ i banken. Når du kjem i raudt, ver førebudd på å betala høge renter på dei lånte pengane dine. Om du skulle få gjeld over 500 000 US$, vil du få ei åtvaring om at du kan gå konkurs. Viss du ikkje får balanse i rekneskapen og får gjelda under 500 000 US$ innan to veker etter åtvaringa, vil du verta nøydd til å forlata heile seriesystemet i Hattrick! Merk deg at om eit lag har spelarar til sals med bod som er høge nok til å nå den "trygge sona", eller at laget har rikeleg med midlar i styrereservar, så vil laget ikkje gå konkurs (men framleis betale renter frå den noverande kontoen sin).

Tilhengjarane og sponsorane

Både sponsorane og klubbtilhengjarane står for viktige inntektskjelder for klubben din. Difor er det høgst tilrådd å ha eit godt forhold til dei og halda stemninga deira på topp - det vil løna seg til slutt.

Stemninga mellom tilhengjarane

Medlemene i supporterklubben har ein heil del å seia når det kjem til finansane til laget ditt. Medlemsavgifta (30 US$ / medlem) vert betalt ein gong i sesongen, men viktigare er det at stemninga deira avgjer kor store inntekter klubben får frå billettsal under heimekampane.

Den enklaste måten til å halda humøret deira på topp, og til å få fleire tilhengjarar, er å innfri (eller til og med overgå) forventingane deira. Du kan sjå stemninga til tilhengjarane dine på Tilhengjar-sida.

Forventingar til sesongen

Ved starten av kvar sesong vil tilhengjarane fortelja deg kva dei ventar seg av laget. Forventingar deira kjem mest av kva som hende førre sesongen, kva tilhengjarane venta seg då og kva resultatet vart.

Når laget ditt rykkjer oppover (eller nedover) i seriesystemet, vil tilhengjarane dine etter kvart verta vande med dette. Om du nett har rykka opp, vil ikkje tilhengjarane venta mykje av deg. Men om du held deg i den same divisjonen år etter år, vil tilhengjarane ha ein tendens til å ønskja seg litt meir.

Forventingar til kampen

Forventingane til sesongen vil i sin tur verka inn på kvar einskild kamp. På Tilhengjar-sida kan du sjå kva tilhengjarane ventar seg av kvar kamp. Generelt så ventar tilhengjarane mest av deg når du spelar heime.

Om eit kampresultat vert slik som dei forventa, vil dei lika deg om du vinn, og ikkje verta like skuffa om du taper, dersom dei hadde venta eit tap. Om resultatet vert betre enn venta, vil humøret deira stiga endå meir. Er resultatet derimot dårlegare enn dei venta, vil humøret deira verta påverka negativt. I dei fyrste rundane i serien vil reaksjonane på resultata vera litt moderate.

I byrjinga på ein sesong er forventningane til kampane bygde på forventingane for sesongen hjå tilhengjarane til begge laga. Men når sesongen går framover, vil den tabellplassering du har og poengdifferansen vera viktigare. I cupkampar vil forventningane til kampane berre byggja på forventningane til sesongen (inkludert divisjonsnivået) for begge laga.

Laginnstillinga og finansane påverkar tilhengjarane

Om du bed spelarane dine å "ta det roleg" eller å spela den "viktigaste kampen i sesongen" påverkar det òg reaksjonane du får på kampresultatet. Om resultatet er venta (eller betre), vil innstillinga 'ta det roleg' dempa dei positive reaksjonane, og 'viktigaste kampen i sesongen' vil forsterka dei.

Om resultatet er dårlegare enn venta, vil innstillinga 'ta det roleg' forsterka dei negative reaksjonane og 'viktigaste kampen i sesongen' vil redusera dei.

Om finansane er gode og du har mykje pengar i kassen, vil det vera litt vanskelegare å gjera tilhengjarane nøgde, sidan dei meiner du har pengar til å investera for å verkeleg få suksess. Tilhengjarane til rike lag vil reagera kraftigare på eit tap, og mindre på ein siger, enn tilhengjarane til lag med lite pengar vil gjera. Dess meir pengar laget ditt har, dess større verknad vil dette ha.

Sponsorar

Sponsorar er òg ein viktig inntektskjelde for klubben din. På same vis som med tilhengjarar; betre lag får betre betaling. Men sponsorar tevlar òg med kvarandre, og har ulike strategiar for korleis dei ynskjer å belønna laget ditt. Og dette er noko ein smart manager kan gjere nytte av.

I veke 16, før den nye sesongen byrjar, så får manageren ei rekkje med sponsortilbod for den komande sesongen.

Alle laga i ein serie har dei same sjansane til å motta eit særskild tilbod, men summen vil kunne variera. Sponsorar baserer tilbodet deira på nivået på supporterklubben, likeins som med divisjon. Det vil seie at alle lag vert presentert ein unik miks med tilbod, som krev at manageren tenkjer nøye igjennom kva som passar best for hans eller hennar lag.

Alle kontraktar kjem med ei fast inntekt kvar veke. I tillegg til dette, så har dei ein eller fleire bonusutbetalingar. Somme av desse vil vere enkle å oppfylle for å få ein fastsett bonus, medan andre har høgare risiko men òg med ein potensielt større bonus. Kontraktar går ut ved slutten av kvar sesong, og du får då nye kontraktar å velja mellom.

Om du ikkje vel ein kontrakt, så vil styret gjere det for deg. Dei vil alltid velja den kontrakten med minst risiko, og soleis mindre potensiell bonus.

Stadion

Klubben din kjem til å starta med eit lite stadion. Dette kan du driva på og byggja ut gjennom heile Hattrick-karrieren din. På stadionsida kan du sjå og styra alle detaljar rundt stadionet ditt.

Inntekter og utgifter

Stadionet ditt kan ha fire typar tribunar, som kvar kan gje sine inntekter og utgifter kvar veke (og utgiftene må du alltid betala).

  Inntekter Utgifter kvar veke
Ståplassar 7 US$ 0.5 US$
Vanlege sitjeplassar 10 US$ 0.7 US$
Sitjeplassar under tak 19 US$ 1 US$
Plassar i VIP-boksar 35 US$ 2.5 US$

I kamprapportane frå heimekampane dine kan du sjå kor mange plassar som vart selde i kvar kategori. Inntekta frå kampane vert fordelt ulikt mellom klubbane, alt etter kva type kamp det er:

Seriekampar: Heimelaget tek heile inntekta.

Cup-kampar: Heimelaget tek 67% av inntektene og bortelaget får 33%, bortsett frå i dei siste 6 rundane som vert spela på nøytral bane. Inntektene på dei kampane vert delt likt.

Treningskampar og kvalifiseringskampar: Inntekta vert delt likt.

Tilskodartal

Tilskodartalet på kampane dine kjem stort sett an på tilhengjarane dine. Kor stor supporterklubben er og kva humør tilhejngjarane er i, er dei viktigaste faktorane. Kva plass du har på tabellen, og korleis tett du og motstandaren din ligg på tabellen, er òg viktig (for seriekampar).

Tilhengjarane til motstandaren din kan til ein viss grad ha noko å seia, sidan nokre av dei òg kan ynskja å sjå kampen. Det er òg verdt å få med seg at tilhengjarane vil vera meir interesserte i å få med seg kampane, dess lenger ut i sesongen ein er komen. Du vil vanlegvis få fleire tilskodarar på slutten av sesongen enn i byrjinga.

Sjølvsagt spelar også vêret ei rolle. Det kjem færre tilskodarar i dårleg vêr, men til gjengjeld vil dei som kjem, kjøpa dyrare billettar, sidan dei helst vil sitja under tak. Det er difor mogleg at inntektene dine vil vera omtrent like frå kamp til kamp, same korleis vêret er, så sant det finst nok plassar under tak.

Utbyggjing av stadion

For å byggja ut stadion må du be eit byggjefirma om å gjera arbeidet. Det vil ta noko tid - ei veke eller meir - det kjem an på kor stor utbyggjinga er. Alle dei eksisterande tribunene er tilgjengelege i byggjetida. Du betaler ein fast pris på 10 000 US$ pr utbyggjing, saman med ein kostnad for kvar plass du vil byggja eller fjerna.
  Ombyggjingskostnad Rivingskostnad
Ståplassar 45 US$ 6 US$
Vanlege sitjeplassar 75 US$ 6 US$
Sitjeplassar under tak 90 US$ 6 US$
Plassar i VIP-boksar 300 US$ 6 US$

Det er ein god idé å ha fleire typar plassar å by tilskodarane dine. Dei fleste vil kjøpa billettar til dei vanlege sitjeplassane, difor er det lurt å ha flest av den typen plassar. Men nokre tilskodarar vil berre koma på kampar dersom dei får ekstra gode plassar (nokre krev til og med tak over hovudet!). Difor kan det vera lurt å ha ein del sitjeplassar under tak. Det er òg nokre som berre vil ha det beste, og som krev stilige VIP-losjar. Sjølv om det ikkje er så mange av desse, vil du helst ikkje gløyma dei. Tilskodarane som søkjer til sitjeplassane under tak og VIP-losjane, vert ikkje like lett skremde av dårleg vêr som dei andre tilskodarane.

Tilsette

Å tilsetja dei rette spesialistane er viktig for laget ditt og for utviklinga av klubben. Dei tilsette vil kan hende ikkje sitje på lagleiarbenken på kampdagane, men dei vil jobba med spelarane gjennom veka eller gjennomføra andre viktige oppgåver for klubben. Dei utfyller hovudtrenaren og for deg som manager, er det avgjerande å sikra seg at du har dei beste folka på laget.

Evnenivå og effektar til spesialistane

Alle bidrag du får frå å tilsetja eit dyktig medlem av støtteapparatet vert tilført som ein statisk bonus på toppen av eksisterande lagverdi. Bonusen vil alltid vera synleg for deg. Men sidan lagverdiar i utgangspunktet er dynamiske, og er påverka av ulike faktorar, så vil det kunne vere vanskeleg å fastsetja den endelege effekten oppnådd ved hjelp av ein tilsett. Men det du kan vera trygg på, er at effekten er positiv. Tilsette med høgare evnenivå vil òg gje ein større bonuseffekt. Desse bonusane er lineære – og det vil seie at kvart ekstra evnenivå alltid gjev like mykje ekstra som evnenivået under. Om du har fleire tilsette i den same kategorien, så vert bonusane deira berre tilført ein gong. Til dømes vil ein assistenttrenar på nivå 4 ha same effekt som den samla effekten av to assistenttrenarar på nivå 2. For å gjera ting lettare, så vil du alltid sjå den aktuelle bonusen gjeve til deg av dine noverande tilsette og eventuelle andre tilsette du planlegg å tilsetja stå i klartekst på Støtteapparatsida. Du kan òg finna ein tabell med alle typar spesialistar og bonusar på slutten av dette kapitlet.

Støtteapparatet sin storleik

Du kan tilsetja opptil 4 spesialistar totalt. Du kan ha opptil 2 assistenttrenarar tilsett på same tid. For alle andre spesialist-kategoriar vil styret ditt berre tillate deg ein tilsett om gongen.

Sparking og tilsetjing

Når du tilset ein ny medlem i støtteapparatet, så må du velja ei løpetid for kontrakten opptil 16 veker. Dess lengre kontrakt, dess billegare vil kontrakten verta pr. veke. Du har høve til å bryta kontrakten før tida om planane dine endrar seg, og om du treng at ei opning i støtteapparatet. Men om du gjer det, må du betala ut dobbelt av det du har spart fram til då, så det kan verta veldig kostbart å endra meining. I tillegg, så kan ikkje eit medlem av støtteapparatet sparkast i løpet av den fyrste eller siste veka av kontraktstida. Utover dette finst det ingen hindringar til kor mange endringar du vil gjera med dei tilsette.

Kontraktsbrot

Når du bryt ein kontrakt, så må du betala ei avgift tilsvarande det dobbelte av du har spart opp på den tida. Til dømes, om du har ein kontrakt med ei lengd på 13 veker med ein tilsett på nivå 3 og som du ynskjer å bryta i den 8. veka, så har du så langt betalt vekeløna hans på 4 800 US$ 8 gonger, eller 38 400 US$ totalt. Men om du hadde hatt ein kontrakt med lengd på 8 veker, så ville du ha betalt vekeløna på 6 000 US$ 8 gonger, eller 48 000 US$. Det du har spart er 9 600 US$ og avgifta for brotet vil vera 19 200 US$.

Kostnad i veka

Kontraktslengd Nivå 1 Nivå 2 Nivå 3 Nivå 4 Nivå 5
1 veke 2 115 US$ 4 230 US$ 8 460 US$ 16 920 US$ 33 840 US$
2 veker 2 055 US$ 4 110 US$ 8 220 US$ 16 440 US$ 32 880 US$
3 veker 1 890 US$ 3 780 US$ 7 560 US$ 15 120 US$ 30 240 US$
4 veker 1 770 US$ 3 540 US$ 7 080 US$ 14 160 US$ 28 320 US$
5 veker 1 710 US$ 3 420 US$ 6 840 US$ 13 680 US$ 27 360 US$
6 veker 1 650 US$ 3 300 US$ 6 600 US$ 13 200 US$ 26 400 US$
7 veker 1 575 US$ 3 150 US$ 6 300 US$ 12 600 US$ 25 200 US$
8 veker 1 500 US$ 3 000 US$ 6 000 US$ 12 000 US$ 24 000 US$
9 veker 1 440 US$ 2 880 US$ 5 760 US$ 11 520 US$ 23 040 US$
10 veker 1 380 US$ 2 760 US$ 5 520 US$ 11 040 US$ 22 080 US$
11 veker 1 320 US$ 2 640 US$ 5 280 US$ 10 560 US$ 21 120 US$
12 veker 1 260 US$ 2 520 US$ 5 040 US$ 10 080 US$ 20 160 US$
13 veker 1 200 US$ 2 400 US$ 4 800 US$ 9 600 US$ 19 200 US$
14 veker 1 140 US$ 2 280 US$ 4 560 US$ 9 120 US$ 18 240 US$
15 veker 1 080 US$ 2 160 US$ 4 320 US$ 8 640 US$ 17 280 US$
16 veker 1 020 US$ 2 040 US$ 4 080 US$ 8 160 US$ 16 320 US$

Spesialist-kategoriar

Assistenttrenaren

Treningsfartbonusen gitt av assistenttrenarane vert tilført laget ditt sin eksisterande treningseffektivitet. Syt for at du har ein god vanleg trenar før du vurderer å bruke mykje pengar på assistenttrenarar. Men om du har ein kompetent hovudtrenar, så vil tilsetjing av nokre dyktige assistenttrenarar kunne vere ein god strategi for eit lag fokusert på trening.

Nivå Treningsfart Skaderisiko Form
Nivå: 0
Ingen bonus 40% Ingen bonus
Nivå: 1
+3,5% +2,5% +0,05
Nivå: 2
+7% +5% +0,1
Nivå: 3
+10,5% +7,5% +0,15
Nivå: 4
+14% +10% +0,2
Nivå: 5
+17,5% +12,5% +0,25

Effektdetaljar

Denne bonusen vert lagt til som ein multiplikator på toppen av eksisterande treningseffektivitet, som vert avgjort av kvaliteten på hovudtrenaren din, valt treningsintensitet og kondisjonsdel av treninga. Til dømes, om du har ein solid trenar, 100% treningsintensitet, og 10 % kondisjonstrening, så vil fylgjande treningsfart vera oppnådd for ein 22 år gammal eineståande ballfordelar:

Ingen assistenttrenarar: 8 veker til neste nivå
Trenarkombinasjon med 5 nivå totalt: 7 veker til neste nivå.
Trenarkombinasjon med 10 nivå totalt: 6 veker til neste nivå.

Du kan tilsetja opptil to assistenttrenarar på ein gong. Om du har fleire assistenttrenarar, så vil deira samla evnenivå laga ein einskild bonus. Det vil seie at ein assistenttrenar på nivå 4, vil ha same effekt som den samla effekten av to assistenttrenarar på nivå 2.

Tilsetting av ekstra trenarar har to biverknader. Forma aukar, men det gjer òg risikoen for skadar.

Skaderisikoen vert kalkulert som det gjennomsnittlege talet på skadar per kamp, ikkje per spelar, men per lag. Basisrisikoen er 0,4 skadar per kamp for laget ditt. Med ein Lege på nivå 5 kan dette reduserast til 0,025. Assistenttrenarar bidreg til ei høgare risiko med 0,025 skadar per kamp for kvart evnenivå. Det vil seie at ein assistenttrenar på nivå 5 aukar basisverdien din for skaderisiko opptil 0,525 skadar per kamp (0,15 med ein lege på nivå 5), og to assistenttrenarar på nivå 5 gjev deg ein basisverdi for skaderisiko på 0,65 skadar per kamp (0,275 med ein lege på nivå 5).

Som tidlegare nemnd, på den positive sida aukar assistenttrenarane bakgrunnsforma til spelarane dine. Om du har fullt 10 evnenivå av assistenttrenarar, så vil bakgrunnsforma auke med 0,5 nivå. Med andre ord, 2 assistenttrenarar på nivå 5 vil medverke halvparten så mykje til forma som ein einskild formtrenar på nivå 5 ville gjort.

Attende til kategoriane

Lege

Legane er ansvarlege for den generelle fysiske forma til spelarane dine. Det vil seie at dei jobbar proaktiv både for å førebyggja skadar og for å rehabilitera skadde spelarar. Å ha ein lege med på laget vil redusera risikoen for skadar, i tillegg til å redusera restitusjonstida for skadde spelarar.

Nivå Restitusjonsfart Skaderisiko
Nivå: 0
Ingen bonus 40%
Nivå: 1
+20% -7,5%
Nivå: 2
+40% -15%
Nivå: 3
+60% -22,5%
Nivå: 4
+80% -30%
Nivå: 5
+100% -37,5%

Effektdetaljar

Kvar gong laget ditt spelar ein kamp, så er det ein viss risiko for at spelarane dine vert skadde. Å ha ein lege i støtteapparatet vil redusera basisrisikoen for skadar på laget ditt. Ein lege på nivå 5 vil redusera basisskaderisikoen frå 0,4 skadar per kamp til 0,025 skadar per kamp, men merk deg at andre faktorar - som til dømes tilsetjing av assistenttrenarar - vil kan hende auka risikoen.

Om ein spelar får ein skade, så vil legane hjelpa med å korta inn restitusjonstida. I Hattrick vert skadar synt med eit overslag på restitusjonstida i veker. I løpet av den daglege oppdateringa, vil spelaren henta inn ein liten bit på vegen opp mot 90% helse (når han kan spela igjen, men framleis er småskadd), og så til slutt opp mot 100% helse, når han ikkje har nokon spor igjen etter skaden.

Grafen syner kor mykje raskare ein spelar vil fullt ut restituera seg frå den same skaden, avhengig av om du har ein lege eller ikkje. Utan ein lege, vil ein 19 år gammal spelar trenge 3 veker på å restituera seg. Med ein lege med nivå 2 treng han om lag 2 veker på å restituera seg. Med ein lege med nivå 5 vert dette redusert til om lag ei og ei halv veke.

Ein 29 år gammal spelar med den same skaden vil trenge 6 veker på å restituera seg utan lege. Ein lege med nivå 1 reduserar dette til om lag 5 veker. Ein lege med nivå 5 reduserar dette vidare til litt under 3 veker.

Attende til kategoriane

Sportspsykologar

Det mentale spelet er nesten like viktig som den fysiske delen. Tilsetjing av ein sportspsykolog kan verkeleg hjelpa deg med å skapa ein vinnaratmosfære. Denne spesialisten vil hjelpa deg med å halda på sjølvtilliten i laget i deira eigen kamp i tillegg til å hjelpa med lagmoralen i heile troppen.

Nivå Lagånda til spelarane Sjølvtilliten til spelarane
Nivå: 0
Ingen bonus Ingen bonus
Nivå: 1
+0,1 +0,2
Nivå: 2
+0,2 +0,4
Nivå: 3
+0,3 +0,6
Nivå: 4
+0,4 +0,8
Nivå: 5
+0,5 +1

Effektdetaljar

Lagånda er driven av laginnstillinga du sette for dei føregåande kampane. Rett etter ein kamp vil lagånda få ei auke eller falle lågare, avhengig av kva laginnstilling som vart nytta. Men etter kvar daglege oppdatering, så har lagånda ein tendens til å normalisera seg. Det vil seie at om ho er høg så vil ho langsamt falle, og om ho er låg vil ho langsamt hente seg inn att. Ein sportspsykolog vil kunne hjelpa deg med å betra denne prosessen ved å auka basisverdien som lagånda til laget ditt er naturleg på veg mot. Ei høgare basisverdi vil seie at ei høg lagånd vil falle seinare og ei låg lagånd vil stige raskare. Bonusen du mottek er ein tiandedel av evnenivået som er anvendt. Det vil seie at ein sportspsykolog med nivå 5 vil auka lagånda si basisverdi på laget ditt med eit halvt nivå lagånd.

Sjølvtilliten til laget ditt vert òg hjulpen av sportspsykologen. Sjølvtilliten er primært styrt av resultata til laget ditt og kor mange mål du har skåra. Men sportspsykologen legg til ein bonus til sjølvtilliten i tillegg. Denne bonusen er lik eit fullt nivå med sjølvtillit for ein sportspsykolog med nivå 5, eller ein femtedel av eit nivå med sjølvtillit per evnenivå anvendt.

Attende til kategoriane

Formtrenar

Spelarprestasjonar er ikkje berre avhengig av tekniske evner og fysisk kondisjon. Spelarar har ein tendens til å koma i og ut av form, og mange faktorar kan påverka dette, ikkje minst mentale faktorar.

Formtrenaren spesialiserar seg på å få det meste ut av det spelarmateriellet som du har tilgjengeleg. Han held troppen kampklar og motivert. Tilsetjing av ein formtrenar er ikkje ei rask løysing, effekten er heller ikkje permanent - men for nokre lag og i somme situasjonar kan det vera ei god løysing.

Nivå Form
Nivå: 0
Ingen bonus
Nivå: 1
+0,2
Nivå: 2
+0,4
Nivå: 3
+0,6
Nivå: 4
+0,8
Nivå: 5
+1

Effektdetaljar

Forma til ein spelar vert målt etter kor nær han er til å prestera opp mot sitt maksimale potensial. Verdien du ser på spelaren er den noverande forma, og det er den som vert nytta i kampsimuleringa. Den noverande forma har likevel alltid ein trend og den verdien forma er på veg mot vert kalla bakgrunnsforma. Ved å nytta ein formtrenar, får du ein bonus til oppdateringane på bakgrunnsforma di. Når bakgrunnsforma vert rekalkulert (dette skjer i gjennomsnitt kvar andre veke), vil kvart evnenivå til formtrenaren skubbe bakgrunnsforma høgare med 0.2 nivå. Det vil seie at ein formtrenar med nivå 5 vil legge til eit heilt nivå til spelaren din når oppdateringa vert lagt til. Merk deg at bakgrunnsforma framleis kan gå ned, men gjennomsnittet vil over tid vere høgare.

Attende til kategoriane

Finansdirektør

Finansdirektøren aukar den økonomiske handlefridomen til manageren, noko som er spesielt nyttig for managerar i rike klubbar.

(Om du er ein ny brukar, så er det ingen grunn til å vurdera ein finansdirektør i det heile).

Til vanleg vil styret setje ei grense for kor mykje pengar det vil vera tilgjengeleg for manageren til å bruka på løn, spelarkjøp eller stadionprosjekt. Alle midlar utover denne driftskapitalen vil reserverast av styret for å sikra den framtidige stabiliteten til klubben. Om det trengst, så vil styret frigje pengar frå reservane til driftskapitalen, men berre til ein moderat rate. Overskot av driftskapital vil omgjerast til reservar med ein rate på 2% av noverande overskytande kontantar per veke.

Ved å tilsetja ein Finansdirektør vil styret både tillata ein større driftskapital og ei kjappare konvertering frå pengereservar til driftskapital. I praksis vil manageren kunne investera meir aggressivt enn styret elles ville gått med på. Å ha ein Finansdirektør kan vera naudsynt for klubbar som har spart pengar i nokre sesongar for dinest å bruka mykje på kort tid for å kunne gjera eit dyrt framstøyt for å vinna cupen eller serien.

Nivå Maks midlar Påfyll/veke
Nivå: 0
15 000 000 US$ 50 000 US$
Nivå: 1
17 000 000 US$ 100 000 US$
Nivå: 2
19 000 000 US$ 200 000 US$
Nivå: 3
21 000 000 US$ 300 000 US$
Nivå: 4
23 000 000 US$ 400 000 US$
Nivå: 5
25 000 000 US$ 500 000 US$

Døme: Team Tycoon har akkumulert 40 000 000 US$ på konto. Utan ein Finansdirektør vil styret berre gje manageren tilgang til 15 000 000 US$ om gongen. Dersom manageren brukar 2 000 000 US$, og den nye bankbalansen er 13 000 000 US$, vil styret på ny gjera investeringsmidlar tilgjengeleg, men berre i ein sakte rate på 50 000 US$ i veka.

No tilset Team Tycoon ein nivå 3 finansdirektør. Styret vert meir sikre på at pengane vert forvalta ansvarsfullt. Den tillatne driftskapitalen vert auka til 21 000 000 US$ og den vekelege sleppraten vert auka til 300 000 US$. So lenge klubben sin balanse er under 21 000 000 US$, vil 300 000 US$ ekstra verte overført kvar veke av styret frå reservane. Dersom kontantane veks over 21 000 000 US$, til dømes gjennom spelarsal, vil pengar istaden starte å flyte over til reservane med ein rate på 2% av den overskytande balansen, kvar veke.

Attende til kategoriane

Taktikkassistent

Å tilsetja ein taktikkassistent vil betra fleksibiliteten til laget med fleire strategiske trekk og avanserte lagoppstillingar. Effekten av å ha ein taktikkassistent er stort sett berre merkbart på kort sikt, sidan han berre påverkar den komande kampen - pass på at du tilsét ein når klubben din treng ein.

Nivå Ekstra spelarbyter / ordrar Spelestilfleksibilitet
Nivå: 0
Ingen bonus Ingen bonus
Nivå: 1
+1 +20pp
Nivå: 2
+2 +40pp
Nivå: 3
+3 +60pp
Nivå: 4
+4 +80pp
Nivå: 5
+5 +100pp

Effektdetaljar

I staden for dei maksimale 5 tilpassa ordrane for kvar kamp (som kan nyttast til innbyter, endra spelarframferd eller posisjonsbyter), så kan du no få ein ekstra ordre for kvart nivå på taktikkassistenten din. Du kan få opptil 10 ordrar med ein nivå 5 taktikkassistent. Hugs på at grensa på 3 innbyter for kvar kamp framleis gjeld, sjølv om du har ein taktikkassistent.

Spelestilen varierer mellom 100% defensiv (noko som er standard for defensive trenarar) og 100% offensiv (noko som er standard for trenarar som føretrekk ein offensiv spelestil) med nøytral som midtpunkt. Du har høve til å setja dette for kvar kamp i kampordregrensesnittet der du får 20pp (prosentpoeng) fleksibilitet for kvart nivå på taktikkassistenten din frå spelestilen til trenaren din.

Til dømes, om du har ein forsvarsfokusert trenar og i tillegg ein nivå 5 taktikkassistent, så har du no ei tilgjengeleg rekkevidde på spelestil frå 100% defensiv til nøytral. Om du har korkje ein angreps- eller forsvarsfokusert trenar med ein nivå 5 taktikkassistent, så vil den tilgjengelege rekkevidda di vere frå nøytral til halvt defensiv (50%) og halvt offensiv (50%).

Du treng å ha ein taktikkassistent på lønningslista ved avspark. I tilfelle du har har sendt inn kampordrar med ein taktikkassistent, og så sparka han eller kontrakten gjekk ut utan å verta fornya, så vil kampen bli simulert utan dei ekstra bytene/ordrane. Kampen vil då verta spela med standard spelestil til den noverande trenaren din.

Oppstilling: røynsle og forvirring

Formasjonsrøynsle

Laget ditt kan spela i den formasjonen du ynskjer, men spelarane dine kan verta forvirra og spela langt dårlegare enn det dei eigentleg er gode for, om du brukar ein formasjon dei ikkje har røynsle med. For å få opp røynsla med ein formasjon, og unngå forvirring, treng laget ditt heilt enkelt å trena. Du får litt røynsle i ein formasjon kvar gong du brukar han (treningskampar og offisielle kampar tel like mykje, men ikkje turneringar, stigar, duellkampar eller Hattrick Masters). Mengda med røynsle du får for kvar formasjon er minuttbasert (maks 90 minutt per kamp), likeins som med trening. Om du vinn ved walkover og hadde minst 9 spelarar i startoppstillinga di, så får du òg formasjonsrøynsle som om kampen varte i 90 minutt. Om du mislukkast i å stille med minst 9 spelarar, og tvingar klubbfunksjonærane til å setje opp laget for deg, så vil spelarane dine ikkje få noko formasjonsrøynsle.

Å auke formasjonsrøynsla vert hardare for høge nivå. Om du ikkje brukar ein av formasjonane på ei stund, kjem røynsla med denne formasjonen til å minka over tid. I tillegg er det ein risiko for at formasjonsrøynsla vert noko redusert når ein spelar vert seld.

Forvirring

Om spelarane dine ikkje har god nok røynsle med ein formasjon, kan dei verta forvirra kor tid som helst i løpet av kampen. Dette påverkar prestasjonane deira i negativ retning. Ein utmerkt formasjonsrøynsle (eller betre) er nok for å halde deg på den trygge sida. For lågare nivå aukar risikoen for forvirring etter kor dårleg formasjonsrøynsla er. Men om den samla røynsla til spelarane dine (sjå under) er høg, vert risikoen mindre.

I høve forvirring vil din formasjonsrøynsle også avgjere kor forvirra spelarane dine vil bli; dess lågare formasjonsrøynsla er, dess meir forvirra vert spelarane dine. Dersom spelarane dine vert forvirra, vil organiseringsnivået deira visast i ein tekst i kamprapporten. Når forvirringa vert skildra med at organiseringa fell til "katastrofal", tyder det forvirringa var stor, medan det har mindre effekt om organiseringa berre fall til "god". Om spelarane er forvirra til pause (eller før ekstraomganger), kan trenaren din betra situasjonen noko med ein ekstra orientering.

Den individuelle røynsla til spelaren

Røynsle har positiv innverknad på prestasjonane til spelaren på bana. Spelaren får røynsle gjennom å spela kampar. Den nasjonale cupen og divisjonscupen gjev omtrent dobbelt så mykje røynsle samanlikna med ein seriekamp. Ponduscup- og Trøystecupkampar gjev spelarane dine halvparten av røynsla dei ville fått i ein seriekamp. Ein internasjonal treningskamp gjev omtrent ein femtedel av røynsla som ein seriekamp gjev, og ein treningskamp i ditt eige land gjev omtrent halvparten så mykje røynsle som ein internasjonal treningskamp. Landskampar gjev aller mest røynsle, og kampane i turneringa Hattrick Masters gjev berre litt mindre røynsle enn landskampar.

Kor god røynsle ein spelar får, er minuttbasert, på same måten som treninga. Ein spelar kan ikkje få meir enn 90 minutt opparbeidd røynsle i kvar kamp.

Lagkapteinen og den totale røynsla

Du kan velja ein lagkaptein til kvar kamp. Røynsle og leiarevne er viktige eigenskapar for kapteinen, sidan det har ein positiv effekt når den totale røynsla til laget vert rekna ut – noko som både kan hindra forvirring og gjera spelarane mindre nervøse i viktige og dramatiske oppgjer. I slike høve er det berre laget som har lågast total røynsle på det tidspunktet i kampen som risikerer ein negativ effekt grunna nervøsitet. Skilnaden på røynslenivået mellom laga avgjer kor nervøse spelarane vil verta. Laga vil aldri slite med dette i seriekampar og treningskampar.

Lagkapteinen må vera med i startoppstillinga til kampen. Om du ikkje vel ein lagkaptein, vil spelarane dine velja ein kaptein dei trur vil gjera ein god jobb.

Straffetakarar

Cupkampar og kvalifiseringskampar kan enda i straffespark-konkurranse om det framleis er uavgjort etter ekstraomgangane. Du vel dine straffespark-takarar ved hjelp av ei underside i kampordreskjemaet. Når du set opp straffetakarane, må du tenkja på at ingenting er meir nervepirrande enn ei straffekonkurranse, og at kvart straffespark (ikkje vanlege straffar under kampen) er ein skikkeleg test av røynsla til spelaren. Utanom røynsla har målskårings- og daudballevna til straffetakaren mykje å seia for korleis det går med straffesparket. Det er òg positivt om han har spesialiteten "teknisk". For målvaktene er det målvaktsevna og spesialiteten "rask" som har noko å seia.

Kampar: daudball og spesielle hendingar

I dette kampkapitlet skal me gå litt djupare og fokusera på to viktige kampdetaljar: korleis du kan skåra på daudball og kva du kan tena på spesielle kamphendingar (og andre tilleggshendingar).

Daudball

Nokre av dei vanlege angrepa dine vil resultera i ein daudballsituasjon. På same måten som i verkeleg fotball, kan du ta mange poeng på å vera god til å slå daudballar. Det er to typar daudball: direkte og indirekte.

Direkte daudball

Direkte daudballar er straffespark og direkte frispark. For å omgjera daudballen i mål, brukar daudballtakaren din daudballevna si for å spela ut målmannen til motstandarane. Din eigen målmann brukar òg daudballevna si for å forsvara seg mot direkte daudball, men han kan ikkje vera den som slår daudballane dine.

Indirekte daudball

Omtrent 1/3 av daudballsjansane dine vil vera indirekte. Det vil seia at det vert indirekte frispark, og kva du får ut av desse frisparka, kjem an på innsatsen til laget ditt. For å gjera mål på daudball, vert det lagt vekt på desse evnene (i prioritert rekkefølgje): den gjennomsnittlege målskåringsevna til utespelarane dine, den gjennomsnittlege daudballevna deira, og daudballevna til spelaren som slår daudballen. For å forsvara deg mot daudball, nyttar laget ditt (i prioritert rekkefølgje) den gjennomsnittlege forsvarsevna til utespelarane dine, den gjennomsnittlege daudballevna deira, samt både målvakt- og daudballevna til målmannen din.

Spesielle hendingar

I tillegg til dei vanlege angrepa kan det òg oppstå spesielle hendingar. Dei spesielle hendingane kjem an på evnene til spelarane dine, nærare bestemt spesialitetane deira, noko som gjer det til ein god strategi å setja saman eit lag som har god balanse mellom dei ulike spesialitetane.

Det er to typar spesielle hendingar: laghendingar og individuelle hendingar. Sannsynet for å tilrive seg ei spesiell laghending avgjerast av ballinnehavet (om ein har 55% ballinnehav har ein òg 55% sannsyn for å få laghendinga).

Dei individuelle spesialhendingane fordelast etter kva spesialitetar spelarane på bana har. Det kan vera ein føremon å ha mange spelarar med spesialitetar, men det er ikkje nok åleine. Ein må òg ha spelarar med den rette eigenskapen i riktig posisjon for at hendinga skal utløysast. Det er viktig å finna den rette balansen mellom spesialitetane i laget.

For kvar spesielle hending i ein kamp går sannsynet ned for ei ny spesiell hending.

Vêrtilhøve

Enkelte spesialitetar høver seg betre enn andre i dei ulike vêrtilhøva. Prestasjonen til alle spelarane vert påverka ved spesifikke vêromstende heilt frå byrjinga av kampen.

Tekniske spelarar vert 5 % betre i alle dugleikar når det er sol, og tilsvarande dårlegare når det regnar.

Sterke spelarar vert 5% betre i regn og 5% veikare i sol. Dei vert òg trøyttare i sol.

Snøgge spelarar presterer 5% dårlegare i sol.

Når vêret påverkar spelarane, så vil du få informasjon om det i kamprapporten. Og stjernekarakterane vil òg bli reflektert tilsvarande i prestasjonane til dei spelarane det gjeld.

Målhendingar

Spesialitetar (og andre spelarevner) kan gje deg fleire angrep. I tillegg til det som vert lista opp nedanfor, vil den spelaren som avsluttar ein sjanse (dette er ofte, men ikkje alltid, den same spelaren som skaper sjansen) ha bruk for noko målskåringsevne for å laga mål på desse angrepa.

Omskiftelege spelarar kan nytta pasningsevna si til å slå uventa, lange pasningar om dei er målmenn, sideforsvararar eller midtstopparar, og deira målskåringsevne til å bryta ballbana om dei er sentrale midtbanespelarar, angriparar eller kantspelarar. Om dei er utespelarar, så vil deira vekslande natur òg kunne skapa målsjansar. Dess lågare forsvarsevna er til ein omskifteleg forsvarar eller sentral midtbanespelar, dess høgare er sjansen for at dei kan gjera ein grov feil som vil gje motstandaren ein målsjanse. I tillegg, så har omskiftelege kantspelarar eller angriparar med låge pasningsevner større sjansar for å skapa kaos i forsvaret ditt, noko som kan resultera i eit uheldig sjølvmål.

Snøgge kantspelarar, sentrale midtbanespelarar og angriparar kan skapa målsjansar ved å nytta farten sin. Dette kan motstandaren motverka ved å nytta ein defensiv spelar (midtstoppar eller sideforsvarar) som òg er snøgg. Du vil òg få eit løft i kontringsangrepa for alle snøgge kantspelarar, sentrale midtbanespelarar og angriparar på laget ditt. Motstandaren kan framleis redusera denne effekten med snøgge midtbanespelarar, sideforsvararar, midtstopparar eller keeper (berre det ekstra løftet kan bli utlikna, ikkje nivået på den taktiske evna frå utgangspunktet).

Tekniske kantspelarar, sentrale midtbanespelarar og angriparar kan skapa målsjansar, dersom keeperen, den forsvararen eller sentrale midtbanespelaren som han møter, er ein hovudspesialist (treng ikkje å vera den rake motsetning). I tillegg, så vil alle tekniske forsvararar og sideforsvararar gje deg ein liten sjanse til å skapa ikkje-taktiske kontringsåtak frå eit vanleg, mislukka åtak frå motstandaren din. Dess høgare pasningsevne til forsvararen, dess høgare er sjansen.

Kantspelarar som har høg nok kantspelevne, kan skapa sjansar som ein annan kantspelar, ein midtbanespelar eller angripar må avslutta på. Om denne spelaren som avsluttar har tilstrekkeleg målskåringsevne, er det meir sannsynleg at han vil skåra. Om han er hovudspesialist, vil det vera endå lettare for han å skåra.

Hjørnespark: For å skåra på hjørnespark, kan du auka sjansane dine ved at spelaren som tek hjørnesparket har høge daudballevner og ved å ha ein høg offensiv indirekte daudballrangering samanlikna med motstandaren din sin indirekte daudballrangering. Det finst to typar hjørnespark. For det eine, dess fleire utespelarar med hovudspesialitet i laget ditt (daudballtakar gjeld ikkje), og dess færre spelarar med hovudspesialitet hjå motstandaren, dess betre er sjansane dine til å skåra. Om du har ingen hovudspesialistar i det heile, vert laget ditt mykje dårlegare til å forsvara seg mot hjørnespark og veldig svak til å skåra frå dine eigne hjørnespark. For det andre, sjansen til å skåra er avhengig av målskåringsevna til spelaren som får ballen. Merk deg at hjørnespark kan føre til gule kort for det offensive laget, men om spelaren din alt har fått gult kort, så vil han vera ekstra varsam. Så sjansen for å få at han skal få sitt andre gule kort er mindre enn det ville ha vore elles.

Røynsle: Angriparar med røynsle kan skåra på grunn av den lange erfaringa si. Urøynde forsvararar kan i staden koma i skade for å gje ekstrasjansar til motstandarane.

Trøyttleik: Trøytte midtstopparar kan gjera uventa feil. Om ikkje angriparen på det andre laget òg er for trøytt, vil dette gje ein ekstrasjanse til motstandaren.

Andre kamphendingar

Det finst òg nokre andre hendingar som kan inntreffa i ein kamp. Sjansen for å få ei slik hending kjem ikkje an på styrken på midtbana di, så sjansen aukar ikkje sjølv om du dominerer midtbana.

Kontringar: Sjølv om du ikkje nyttar kontringstaktikken, er det ein liten sjanse for at laget ditt får til ei kontring. Desse "taktikkuavhengige" kontringane er ikkje avhengige av at midtbana di er veikare enn den til motstandaren, noko som elles er naudsynt for å kontre. Sjå kapitlet om taktikkar for å få meir informasjon om kontringar.

Langskot: Sjølv om du ikkje nyttar langskottaktikken, er det ein liten sjanse for at laget ditt får høve til å fyra av eit langskot. Les kapitlet om taktikk for å få meir informasjon om langskot.

Sterke sentrale midtbanespelarar, om du spelar defensivt kan dei konsentrera seg om å bryte opp åtaka og vinna ballen. Om han er vellukka i pressinga, så vil åtaka til motstandaren falle saman. For å gjera det, treng han lite på forsvarsevna og kondisjonen.

Sterke angriparar, ved normalt spel kan sterke angriparar plassera seg på rett stad, og kjempa fram ein ny skotsjanse etter at ein normal sjanse for laget ditt har mislukkast. Dei treng tilstrekkeleg ballfordeling- og målskåringsevner for å gjera det. Merk deg at fysisk spel kan resultera i gule kort; men om spelaren din alt har fått eit kort, så vil han opptre meir varsamt i sånne situasjonar.

Du vil få ein overbefolkningsstraff om du har to eller tre spelarar med den same kombinasjonen av spesialiteter og posisjonar blant fylgjande typar: teknisk defensive angriparar, sterke vanlege angriparar og sterke defensive sentrale midtbanespelarar. Om du har to spelarar av same typen, så vil du få ein straff for bidraget deira (4% kvar). Om du har tre av dei, så vil straffen bli større (7,5% kvar).

Kampar: taktikk

I kvar kamp kan du bruka éin bestemt taktikk. Kvar einskild taktikk har sine fordelar, men òg sine negative sider. Så vel taktikken din med omhug! Du har seks taktikk-typar (i tillegg til normal) å velja mellom. Viss du ikkje vil spesifisera ein taktikk, vert taktikken ”normal”.

Taktisk evne

Kor bra laget ditt taklar taktikken du har valt, kjem an på den taktiske evna laget har opparbeidd seg i den bestemte taktikken. Evna er kalkulert ut frå evnene til dei ulike spelararane, samt ut frå rutina til dei spelarane som er involverte.

Kor effektiv taktikken din er vert òg avgjort etter kor gode spelarane på bana er. Dess betre spelarane på bana er, dess høgre taktisk karakter treng du for å oppnå den same effektiviteten. I røynda vil det seie at du treng betre taktisk nivå når du og motstandaren din har gode spelarar på bana.

Pressing

Pressing vil seia at spelarane dine legg press på motstandarane. Dei fokuserer meir på å øydeleggja for angrepa frå motstandarane dine, enn på å skapa eigne angrep. Pressing vil vera eit godt val når du kjenner deg underlegen og vil sleppa inn så få mål som mogleg.

Føremon: Du kan redusera talet på moglege sjansar (for begge lag) i kampen.

Uheldig verknad: Pressinga vil tappa spelarane dine for kondisjon fortare enn vanleg.

Relevante evner: Den totale forsvarsevna og den totale kondisjonen til alle spelarane dine avgjer den taktiske pressevna. Viss ein spelar har ”sterk” til spesialitet, tel forsvarsevna hans dobbelt så mykje som evna til dei andre spelarane. Dess trøyttare spelarane dine blir, dess mindre press orkar dei å leggja på motstandaren.

Når ei mogleg sjanse vert hindra av eit lag som brukar pressing som taktikk, vil dette verta nemnt i kamprapporten. Du vil aldri få vita om laget kunne utnytta sjansen og skåra mål. Viss begge laga spelar med pressing som taktikk, vert effekten i gjennomsnitt dobla. I tillegg, når du spelar mot eit lag med fokus på langskot, så har eit lag som pressar ein stor morgelegheit til å hindra langskotssjansar.

Kontringsangrep

Kontringsangrep vil seia at du planlegg å la motstandarne dine ha ballen mykje, men så snart dei ikkje lukkast med eit angrep, vil du freista å gjera eit snøgt motangrep. Å satsa på kontringsangrep vil vera eit godt alternativ viss du har eit særs godt forsvar og angrep (men dårleg midtbane). Taktikken er spesielt effektiv viss motstandaren din har eit ineffektivt angrep.

Føremon: Du kan få ein gevinst i talet på sjansar (du får sjansen til å storma fram i eit kontringsangrep kvar gong forsvaret ditt klarer å stoppa eit angrep frå motstandaren din).

Uheldig verknad: Du taper 7% av effekten frå midtbana di.

Den taktiske evna kjem av: Den totale summen av pasnings- og forsvarsevna til forsvararane dine avgjer den taktiske kontringsevna. Pasningsevna har i dette tilfellet dobbelt så mykje å seia som forsvarsevna deira.

Berre det laget som ikkje dominerer midtbana på tidspunktet for eit mislukka åtak, er i stand til å gjera nytte av denne taktikken (og merk deg at du må mista midtbana før 7% taktikkstraffen vert gjeldande). Om du dominerer midtbana, så vil du berre slite med disfavøren. Alle kontringsangrepa vert nemnde i kamprapporten. Når laget ditt skapar ein kontringssjanse, så minskar sjansen for å skape ein ny.

Angrip i midten.

Angrip i midten (AiM) vil seia at laget fokuserer på å angripa gjennom midten av bana, i staden for å satsa på kantangrep. Med andre ord ofrar du kantangrep for å angripa meir i midten. I praksis betyr det at laget ditt kan gjere om ein sjanse som eigentleg var på veg til å bli skapt på kanten blir skapt i midten istaden. Når dette skjer, så vil sjansen for at det skjer igjen minske.

Føremon: Omkring 15-30% av kantangrepa vert omgjorde til angrep i midten.

Uheldig verknad: Sideforsvaret ditt (på begge sidene) vert noko dårlegare.

Relevante evner: Den totale pasningsevna til alle utespelarane dine avgjer din taktiske AiM evne.

Kvar gong eit angrep vert flytta frå kantane til midten, vil det kome fram i kamprapporten.

Angrip på kantane

Angrip på kantane (APK) fungerer på same måten som ”Angrip i midten”, men motsett; Det vil seia at du byter bort angrep i midten mot fleire kantangrep. Men sidan det vanlegvis vert færre angrep midt i bana enn på kantane i ein kamp, får du omgjort ein litt høgare prosentdel av dei. Også her, for kvar gong det skjer, så minskar sjansen for at det vil skje igjen.

Føremon: Omkring 20-40% av angrepa i midten vert omgjorde til kantangrep.

Uheldig verknad: Midtforsvaret ditt blir noko dårlegare.

Relevante evner: Den totale pasningsevna til alle utespelarane dine avgjer din taktiske APK evne.

Kvar gong eit åtak vert flytt frå midten til kantane, vil det synast i kamprapporten.

Spel kreativt

Å spela kreativt (SK) vil seia at spelarane prøver å bruka spesialitetane sine meir. Taktikken har òg eit par andre kjennemerke.

Føremon: Du aukar det maksimale talet på spesielle hendingar i kampen - for båe lag - men eige lag vil ha litt større sannsyn for å få dei (både positive og negative).

Uheldig verknad: Forsvaret ditt vert noko dårlegare.

Relevante evner: SK krev at utespelarane dine har høg pasningsevne og røynsle (det fyrste har størst vekt). Omskiftlege utespelarar bidreg dobbelt til taktikkevna. For å utnytte taktikken er det tilrådt å ha eit lag som er optimalisert for spesielle hendingar (mange spesialitetar og rett evnekombinasjon).

Langskot

Når du satsar på langskot som taktikk, har du sagt til spelarane dine at dei heller skal freista på eit langskot enn å spela seg gjennom eit heilt angrep. Med andre ord byter du både kantangrep og angrep i midten mot langskot. Når ein spelar skyt eit langskot, står det berre mellom skyttaren og målvakta. Dette kan vera nyttig viss du slit med å slå igjennom med angrepa dine i midten og på kanten, men har gode skyttarar.

Føremon: Langskot-taktikken gjer opp til 30% av kant- og sentralangrepet ditt om til langskot.

Uheldig verknad: Både kantangrepet, sentralangrepet og midtbana di vert bittelitt dårlegare.

Relevante evner: Målskårings- og daudballevnene til Utespelarane dine avgjer den taktiske LS evna. Målskåringsevna er tre gonger så viktig som daudballevna.

Når eit angrep har vorte omgjort til eit langskot, kan det forsvarande laget blokkera skotforsøket, om det nyttar pressing som taktikk. Viss skotet ikkje vert blokkert, vil ein av utespelarane dine (ein indreløpar eller kantspelar er mest sannsynleg) fyra av skotet. Kvaliteten på skotet kjem an på målskårings- og daudballevna til skyttaren. Så kan målmannen freista å redda skotet ved å bruka målvakt- og daudballevna si. For både skyttaren og målmannen gjeld det: Dei får bruk for begge evnene sine, og det er betre å ha litt av begge enn svært mykje av berre den eine evna.

Alle langskota vert nemnde i kamprapporten, òg dei sjansane som vert blokkerte.

Spelarbyte

Som me alt har nemnt i kapitlet om startoppstilling: viss ein av spelarane dine vert skadd, kjem den innbytaren du har sett opp på den posisjonen, til å ta plassen hans heilt av seg sjølv. Men du kan òg setja opp byte som du bestemmer på førehand.

Førehandsbestemte byte

Du kan på førehand setja opp spelarbyte i ein kamp, anten for å setja i verk ei genial taktisk endring, eller berre fordi du vil byta ein trøytt spelar mot ein utkvild ein. Du kan til dømes byta ein angripar mot ein ekstra forsvarar, slik at du kan sikra leiinga i kampen, eller du kan byta ein forsvarar mot ein angripar viss du ligg under. Du kan òg velja å endra individuelle spelarordrar for ein spelar.

Leggja til eit førehandsbestemt byte

For å leggja til eit byte, går du til knappen for "Spelarbyter / ordrar" på sida der du legg inn kampordrar. Du vel ein spelar som du vil skal gå av bana, og så vel du ein spelar som du vil skal koma inn. Då vel du òg kva vilkår du set for at bytet skal skje. Du kan setja opp eit byte som skjer i eit bestemt minutt i kampen, og/eller som er avhengig av stillinga i kampen med å vise "avanserte omstende". Du kan i "avanserte omstende" dessutan leggja til eit nytt omstende viss ein av spelarane dine (eller ein av spelarane til motstandaren din) skulle få eit raudt kort og endra spelaren sin posisjon.

Leggja til ei endring i åtferd

Du legg òg til eindringar i åtferd på linken for “Spelarbyter / ordrar”. Akkurat som når du legg til spelarbyte, vel du den spelaren du har i tankane, og så legg du til kva som må henda for at han skal endra åtferd.

Du kan leggja til fem spelarordrar

Du kan leggja opp til fem ulike spelarendringar (spelarbyte og individuelle endringar). Men hugs at dommaren ikkje vil la deg byta inn fleire enn tre spelarar i ein kamp!

Ordrane vert utførte når vilkåra er innfridde

Alle spelarbyte og spelarordrar blir utførte så snart dei vilkåra du har skildra, faktisk hender i kampen. Viss desse vilkåra ikkje vert innfridde, vil heller ikkje endringane skje. Viss du bed om eit spelarbyte i det 65. minuttet, same kva stillinga er, vil bytet skje i det 65. minuttet. Men viss du bed om ein spelarbyte i det 70. minuttet, og vilkåret er at laget ditt er i leiinga, vil bytet skje når som helst etter det 70. minuttet, med det same vilkåret er innfridd. Så viss du tek leiinga i det 80.minuttet, vil spelarbytet fyrst skje då.

Om du set opp to ordrar i det 70. minutt, éi endring som skjer om du er i leiinga og den andre om du leiar med meir enn eitt mål, og om stillinga då er 3-0 når den tida kjem - så vert begge ordrane utført.

Merk deg: Om du har sett to ordrar med dei same vilkåra (til dømes kampminutt og resultat), så vil dei IKKJE bli utført på nøyaktig same tid, men i den rekkefylgja dei vart oppretta.

Etter kampen kan du (men ikkje motstandaren din) sjå ei liste over dei endringane som vart gjorde med spelarane dine gjennom kampen. Lista finn du ved hjelp av ein link på den sida der du ser kor mange stjerner spelarane dine fekk i kampen. Der finn du òg meir informasjon om kva tid endringane vart utførte, og kvifor dei eventuelt ikkje vart utførte.

Du kan ikkje reagera på skadar

Det er ikkje mogleg å setja opp vilkår for skadar. Viss ein spelar vert skadd i kampen, vil det automatiske systemet ta hand om det. Dette inneber at ein skade kan øydeleggja for dei planlagde byta dine, akkurat slik som i det verkelege livet.

Psykologi

Å styra eit fotballag handlar ikkje berre om trening og taktikk, men like mykje om psykologi. Laget ditt må ha lyst til å vinna, og dei må ha tru på seg sjølve. Psykologien i laget påverkar kampresultata, og kampresultata påverkar psykologien i laget.

Lagånd

Klubbatmosfæren har mykje å seia for prestasjonane til laget ditt. Lagånda påverkar lagdelskarakterane på midtbana di, og dess høgre lagånd du har, dess betre vil midtbana di prestere. Dette vil vidare avgjere kor mykje laget ditt har ballen i kvar kamp. Lagånda i seg sjølv kan verta påverka av mange ting, men leiarevna til trenaren har mykje å seia. Det same har laginnstillinga du vel før kampen, overgangar og psykolog.

Sjølvtillit

Spelarane dine må ha trua på seg sjølv for å kunna prestera. Eit lag med låg sjølvtillit har problem med å omsetja sjansane sine i mål. Høg sjølvtillit er vanlegvis ein god ting, men om laget får altfor høg sjølvtillit, kan spelarane undervurdera lag som er veikare enn dei sjølve (sjå under for meir informasjon). Sjølvtilliten kjem til syne i dei karakterane som angrepet ditt får. Sjølvtilliten kjem i stor grad av resultata frå tidlegare kampar, men å ha ein psykolog og ein trenar med høg leiarevne er òg kjend for å auka sjølvtilliten til spelarane.

Laginnstilling

Før kvar obligatoriske kamp fortel du spelarane dine kor viktig denne kampen er. Laginnstillinga påverkar kor mykje laget har ballen i kampen. Du har tre alternativ:

Viktigaste kampen i sesongen: spelarane dine vil gjera alt dei kan for å vinna. Men etter kampen kjem lagånda til å gå nedover, noko som gjer at spelarane ikkje greier å prestera opp mot sitt beste i dei følgjande kampane.

Normal: spelarane dine presterer omtrent som vanleg.

Ta det roleg: spelarane dine får ordre om å ta det roleg, sidan det kjem viktigare kampar seinare. Rett etter kampen vil lagånda stiga, og spelarane kjem til å prestera betre i dei følgjande kampane.

Personlegdomen til spelaren

Alle spelarane har ein personlegdom. Uærlege og aggressive spelarar har ein tendens til å få fleire kort og til verta sende av bana oftare enn andre. Leiarevna er viktig for lagkapteinen og trenaren din.

Psykologiske kamphendingar

Ting som hender i ein kamp kan påverka framferda til spelarane dine utover instruksjonane gjeve at trenaren din. Desse psykologiske hendingane kan ha ein stor effekt i ein særskild kamp, men i seg sjølv vil dei ikkje påverka lagånda eller sjølvtilliten i framtidige kampar. Eit lag som får ei leiing på to mål i ein kamp, vil automatisk byrja å tapa angrepsmomentet og byrja fokusera meir på forsvaret. Denne effekten vil verta sterkare etter kvart som leiinga aukar: kvart mål auke i målskilnaden reduserer angrepet med 9% og aukar forsvaret med 7,5%. Kvart reduseringsmål har motsett effekt. Det finst ei øvre grense på 8 mål når lagkarakterane ikkje lenger vil endrast. På den andre sida, om motstandaren lukkast å utlikna stillinga, så vil momentet gå attende til det normale.

I nokre situasjonar er laga i stand til å motstå denne psykologiske effekten. Om laget har blitt instruert til å spela "Den viktigaste kampen i sesongen", så vil dei ikkje slakke av sjølv om leiinga er stor. Det same gjeld om laget spelar ein finale i ein av dei nasjonale cupane, Hattrick Masters eller i den siste serierunden av sesongen. I turneringar der landslaga er involvert, så vil ikkje laget slakke av frå semifinalane i verdsmeisterskapen, medan i dei kontinentale cupane og nasjonscupane, vil det ikkje vere nokon retrett frå kvartfinalane og vidare.

I tillegg, eit lag som presterer uvanleg svakt i den fyrste halvleiken kan få ei skjennepreike frå trenaren i pausen, og ta seg i saman.

Undervurdering

Om du spelar mot eit lag i ein dårlegare posisjon enn deg sjølv, og sjølvtilliten til laget ditt er betre enn hans, så kan spelarane dine koma til å undervurdera motstandaren og spela under sitt normale nivå. Risikoen for å undervurdera motstandaren er avhengig av poengstillinga og skilnaden mellom laga, nivået på sjølvtilliten til laget ditt og laginnstillinga du vel før kampen. Dess høgare skilnad, dess høgare nivå etc - dess høgare risiko. Den einaste måten ein kan gardere seg mot undervurdering på, er å spela "den viktigaste kampen i sesongen".

Dersom du skulle koma i skade for å undervurdera motstandaren din, er det poengskilnaden, nivået på sjølvtilliten, laginnstillinga, og om du spelar heime eller borte, som avgjer kor sterk undervurderinga vert. Avhengig av resultatet kan du ta deg inn att ved pause: full innhenting om du ligg under, 2/3 om det står uavgjort og 1/3 om du er i leiinga med eitt mål.

Merk deg at undervurdering berre hender i seriekampar, men ikkje i dei fyrste tre rundane.

Overgangar

Overgangsmarknaden er plassen der du freistar å få nye spelarar til klubben, eller å selja dei du ikkje vil ha lenger. Du kan til ein kvar tid ha maksimum 50 spelarar. Overgangssida gjev deg eit godt oversyn over spelarane du sel eller byd på. Ho viser òg når tidlegare spelarar er til sals. For slike sal gjev deg òg pengar.

Å selja ein spelar

For å få selt ein spelar må du leggja han ut på overgangsmarknaden. Dette gjer du på sida til den spelaren du vil selja. Du kan velja kva pris du minst skal ha for han. For å få ein idé om verdien spelaren kan du nytta deg av funksjonen 'Samanlikning av overgangar', og me vil foreslå ein realistisk utropspris for deg. Ein spelar må ha spela minst ein kamp for klubben din før du kan selja han, og han kan ikkje leggjast ut til sals fleire gonger enn han har spela kampar for klubben. Dette gjeld ikkje spelarar som du får gjennom ungdomssatsinga di eller spelarar som fylgde med laget då du starta opp. Spelaren ligg ute på den opne marknaden i tre dagar før han går til den klubben som byd mest, så sant nokon har lagt inn bod på han. Ein spelar som er seld, fer av garde til den nye klubben sin etter at overgangsfristen har gått ut, om ikkje ein av klubbane involvert i overgangen speler ein kamp på det tidspunktet. I så høve vil han koma så snart kampen er ferdig. Dersom ingen vil kjøpa han, vert spelaren verande i klubben din. Om du legg spelaren ut for sal med ei feiltaking, så kan du kansellere det innan 10 minutt etter at han blei lagt for sal, dette er mogeleg så lenge ingen har lagt inn bod på spelaren. Om du skulle finne ut at du treng spelaren likevel, har du høve til å kjøpe han attende!

Å kjøpa ein spelar

For å kjøpa ein spelar går du inn på overgangsmarknaden. Denne finn du under klubbmenyen, under verdsmenyen eller ved hjelp av overgangsikonet oppe i det høgre hjørnet på sida. Du vel kva for slag spelar du vil leita etter, og du kan leggja inn bod ved å klikka på namnet hans og skriva inn eit bod. Du må by over det førre bodet med minst 1 000 US$ eller 2%. Om ingen har lagt inn bod før deg, kan du by minsteprisen, så lenge denne prisen er lik eller større enn 1 000 US$. Ver merksam på at kjøpesummen og løna til spelaren (du betalar alltid ei vekeløn med ein gong du får spelaren) ikkje kan setja deg i større gjeld enn 200 000 US$.

Du kan by på ein spelar heilt fram til bodfristen. Om nokon legg inn bod mindre enn tre minutt før bodfristen går ut, vert fristen utvida med tre nye minutt.

Når du skal kjøpa ein spelar, er det nyttig å sjå på informasjonen om kor gode evner han har, korleis personlegdomen hans er osb. Du kan og nytta 'samanlikna overgangar' for å sjå kva liknande spelarar nyleg har vorte selt for på marknaden.

Autobodgjeving

Autobodgjeving fungerer på same vis som andre normale bod vil gjera. Om du legg inn eit maks bod vil systemet automatisk by for deg når det trengst, og aukar alltid bodet med den lågaste moglege summen (2%, 1 000 US$ minimum).

Du kan endra (både auke og redusere) det maksimale bodet ditt kor tid helst, men du kan sjølvsagt ikkje fjerna (det høgste) bodet ditt. Det maksimale bodet ditt er berre synleg for deg, andre managerar ser berre det noverande bodet ditt.

Du kan ha eit aktivt bod om gongen. Om bodet ditt når maks, tel det ikkje lenger som eit autobod og du kan legge inn eit nytt maks bod om du vil.

I nokre særskilde høve (som når to lag legg inn likt autobod, eller når to autobodgjevarar byr mot kvarandre) har me bygd inn litt smart logikk, her er nokre døme for å hjelpe forklara denne logikken.

Agent, moderklubb og overgangsavgifter

Det kostar 1 000 US$ å leggja ut ein spelar på overgangsmarknaden. Etter eit sal vil både agenten, moderklubben og tidlegare klubbar ta sin del av overgangssummen. På overgangssida kan du alltid sjå kor mykje du kjem til å sitja att med sjølv, om spelaren vert seld. Her er det grunnleggjande:

Kor mykje agenten tek, det kjem an på kor lenge spelaren har vore i klubben.

Moderklubben tek alltid 2% av overgangssummen. Når du er moderklubben, vil du alltid få 2% kvar gong den spelaren vert seld. Merk deg at du ikkje betalar eller mottek nokon moderklubbpengar fyrste gongen du sel ein heimeavla spelar.

Fondet for tidlegare klubbar tek alltid 3% av salssummen. Når klubben din er tidlegare klubb, vil summen som du får, variera med kor mange kampar spelaren har spela for deg.

Sjå desse tabellane for å få meir informasjon.

Når du sel ein spelar, vert du ikkje rekna som ein tidlegare klubb. Men den neste gongen han vert seld, vert klubben din rekna som tidlegare klubb - så sant han har spela kampar for seniorlaget ditt.

Overgangsinntekter til styrereservar

For nokre sal, så vil kanskje styret måtte halde att nokre av pengane som styrereservar, som klubben kan bruka seinare.

Dette skjer berre for heilt særskilde spelarar, og for dei fleste managerane vil det vere ei særs uvanleg hending.

Styret vil gje beskjed deg beskjed i løpet av tida på overgangslista om dette er i ferd med å skje og, om så er tilfelle, prosentandelen som vil gå til styrereservar.

Styret kan gjere dette når dei trur ein spelar vert handla for spekulative grunnar, eller som ein måte å lagre pengar på. Dei vil hevde at laget ikkje treng å erstatta spelaren for sportslege grunnar. (Historisk sett, så har sånne spelarar blitt kalla "Gold Bars" av fellesskapen, grunna deira evne til å halde på verdien over tid).

No for tida vil styret berre vurdere å halde att pengar for målvakter (minst solid evne målvakt) eller potensielt framtidige trenarar (minst solid leiarevne, pluss minst måteleg røynsle).

Prosentandelen av salet som styret held attende i reservane, er avhengig av kor mange kampar han nyleg har spela for laget ditt.

Den generelle regelen er at for dei som spelar fast, så vert alle pengane verande som kontantar - ingenting går til reservane. Å vere ein som spelar fast, vil seie å spele minst 60 minutt ein gong i veka.

Fråvær grunna skade vert ignorert, men om friske spelarar vert sett på sidelinja, så vil meir pengar bli øyremerka styrereservane.

Døme: ein spelar som passar inn i kriteria for «Gold Bar» har starta kvar einaste ligakamp heile sesongen. Når manageren vurderer å selja spelaren, så held styret seg på avstand – alle inntekter (etter agenthonorar) vil vere tilgjengeleg for trenaren som kontantar. Men spelaren kom aldri på overgangslista, men i staden sett på benken. Etter to veker, så er 12% overgangsinntektene øyremerka for styrereservane. Etter fire veker, så har dette talet auka til 24%. Manageren finn likevel ut at han vil selja spelaren igjen. Etter seks veker attende på laget, og ved å spela liga- eller cupkampar, så kan spelaren igjen verta seld utan at noko av pengane går til styrereservane.

Som ein tommelfingerregel, så tek det 3 veker med spel i liga- eller cupkamp for å henta inn kvar andre veke med inaktivitet. Ved berre å spela treningskampar, så tek innhentinga dobbelt så lang tid. Om ein spelar vart avla fram i laget ditt, så vil ingen pengar gå til styrereservar, uavhengig av evner og startarstatus til spelar. Dette gjeld òg spelarar som kom til klubben dei siste to vekene, og som ikkje har rukke å bli ein startar.

Overgangar kan påverka lagånda

Du risikerer ein nedgang i lagånda kvar gong du kjøper eller sel ein spelar. Risikoen aukar når du sel ein grei spelar og når du kjøper ein kranglete spelar. Det er ingen risiko for nedgang i lagånda om du sel ein ungdomsspelar innan 6 dagar etter han vart trekt opp.

Nedetid på tenarane

Bodfristar på overgangar kan verta utvida (på mest mogleg rettferdig vis) dersom tenarane har nedetid. Ver merksam på at tenarane kan vera ned akkurat når bodfristen vert nådd. Ein overgang er berre fullført når den nye spelaren har kome til den nye klubben sin, og kan fram til det skjer vera underlagt ei utviding av fristen når avbrota finn stad.

Du tek ein sjanse om du ventar til siste minutt før du legg inn bodet ditt. Det vert tilrådd at du legg ut spelarane dine til ein pris som er fornuftig, ettersom du kan risikera å selja spelaren din til ein lågare pris enn du hadde håpa på, for å unngå at du vert skuffa om tenarane uventa skulle vere nede.

Fair Play i overgangsmarknaden

Gode spelarar og pengar er nøkkelaspekt i Hattrick, noko som gjer det veldig viktig at inga lag får føremon frå unormale aktiviteter i overgangsmarknaden. Det vil seie at å kjøpe spelarar til oppblåste prisar er forbode, og likeins all aktivitet som er meint å gje eit lag finansiell gevinst av noko slag. Berre spelarevner så som evner, alder, kor eineståande han er, potensial for landslag/U21 og som har ein effekt på spelet, er avgjerande for å finna marknadsverdien.

Spelsjefane (GM) har full autorisasjon til å kansellera eller justera unormale overgangsprisar, dele ut bøter til lag eller til og med utestengja involverte brukarar. Om du har motteke eit tydeleg oppblåst bod på din eigen spelar frå einkvan, ver venleg ta kontakt med Spelsjefane med det same. For å kontakta ein Spelsjef, sjå på kontaktsida vår.

Ungdomsspelarar

Ungdomsspelarar

Du kan skaffe deg nye spelarar til seniorlaget ditt ved å rekruttere ungdomsspelarar. Dette kan gjerast på to vis:

  • Rekruttere ein ungdomsspelar frå utsida direkte inn i seniorlaget ditt ved hjelp av speidarnettverket ditt.
  • Oppretting av eit ungdomsakademi, rektruttering av talentar og utvikling av dei. Du kan spele kampar mot andre lag i private eller offentlege seriar, og med tida forfremje dine talentar til seniorlaget.

Å finna ein spelar gjennom speidarnettverket og rekruttera dei direkte til seniorlaget er ein enkelg og effektiv måte å tiltrekka seg talent. Å drifte eit ungdomsakademi er meir utfordrande, men om du gjer ein god jobb, så kan det òg vere meir lønsamt.

Du kan berre nytte eit system i gongen. Om du har eit ungdomsakademi, så kan du ikkje forfremje ein ungdomsspelar frå speidarnettverket. Kostnadene med akademiet vil likevel telja som investeringar i speidarnettverket, noko som gjer det raskare for deg om du ynskjer å stenga akademiet ditt og i staden nytta speidarnettverket.

Speidarnettverket

Du kan henta opp ein ny spelar kvar veke ved å senda speidarane dine ut for å finna nye spelarar til seniorstallen. Dess betre speidarnettverken er, dess betre sjanse har speidaren for å lukkast. Du kan ikkje velje kva type spelar du vil få, bortsett frå å velja mellom målvakt og utespelar. Du kan ikkje rekna med å få toppspelarar kvar veke. Dei fleste spelarane som speidarane tilrår vil ikkje ein gong koma inn på laget. Om du har ein eller to av dei som går rett inn på laget, bør du vera nøgd - tenk på korleis det fungerer i røynda!

Dei fleste laga brukar mykje pengar på speidarnettverket, men det er òg dei som brukar mindre pengar eller ikkje i det heile, men kjøper forsterkingar på overgangslista i staden. Likevel, om du vel å byggja opp speidarinfrastrukturen, ver førebudd på at det kan gå ei stund før investeringane dine vil løne seg med brukbare spelarar. Du vil truleg sjå at det er liten vits i å bruka nettverket om statusen til speidarnettverket er til dømes "veik".

Kvar veke har du lov til å gjera ei stor (20 000 US$), mellomstor (10 000 US$), eller lita (5 000 US$) investering i speidarnettverket ditt. Mange små investeringar er meir effektivt enn nokre få store. Med andre ord, det er lurt å legga langsiktige planar - om du er viljug til å investera mykje av framtidige inntekter i auka speideaktivitet, større investeringar kan vera ein måte å oppnå raske resultat. Om du ynskjer å byggja opp ein brukbar struktur gradvis, utan å bruka for mykje pengar, gjer ei mindre investering kvar veke. Merk deg at om du ikkje syt for ei jamleg finansiering av speidarnettverket på eit visst nivå, så vil strukturen svekkast ganske fort. Når nivået på speidarnettverket fyrst har blitt redusert, så vil det ta ei god stund å få det opp att.

Du kan berre henta opp ein ung spelar kvar veke. Om du ikkje endrar summen, så vil summen investert førre veke bli trekt.

Det vil kosta klubben 2 000 US$ å henta opp ein junior.

Informasjon om aktivitetane til ungdomslaget ditt kan du finna under menyen "Klubben min", under avsnittet "Ungdomslag". Dette er òg kor du vel summen med pengar du vil investera i speidarnettverket, og kor du kan finna ein spelar ved hjelp av nettverket kvar veke.

Ungdomsakademi

Å ha eit ungdomsakademi vil seie at du aktivt må styre ungdomslaget ditt. Du tilset speidarar, set opp treninga og avgjer lagoppstillinga og taktikk. Ungdomslaget ditt vil konkurrere i ein ungdomsliga etter ditt ynskje; du kan til dømes spele i ein serie i lag med kameratane eller kollegaene dine. Av og til kan ditt ungdomslag også spele treningskampar mot andre ungdomslag rundt om i verda.

Å starte opp eit ungdomsakademi

Du aktiverer akademiet ditt frå menyen "Klubben min", under tittelen "Ungdomslag, oversikt". Du vil få ein trenar og ein speidar peika ut til laget ditt. Ein kvar annan investering i ungdommar må først reduserast til null før dette er mogleg. Du vil også få nokre ungdomsspelarar med det same for at du skal kunne spele kampar med ein gong. Desse spelarane er tilfeldige gutar henta frå ein lokal skule og er langt i frå å ha noko talent.

Ungdomsligaen

Ungdomslaget ditt kan verta med i ein serie etter ditt val, eller du kan velje å lage din eigen. Ein ungdomsserie kan ha 4, 6, 8, 12 eller 16 lag, og serien kan vere privat (skaparen av serien kan invitere personar til serien) eller offentleg (fri for alle til å vere med).  Skaparen av serien kan også velje når seriekampane skal spelast. Når ein serie er fylt opp med lag, tek han til automatisk.

Speidarane

Når du aktiverer ungdomsakademiet ditt, så vil du med det same få ein speidar peika ut til laget ditt. Du vel i kva region han skal sjå etter talent, og du kan også be han sjå etter ein særskild type spelar.Om du ber han sjå etter ein særskild type spelar (til dømes kantspelar), så vil han som oftast tilby deg ein slik spelar, men spelarane vil generelt vere dårlegare.

Du kan også tilsetje ekstra speidarar om du vil, men du kan ikkje ha meir enn tre speidarar (og ikkje mindre enn ein).Ein gong i veka, så vil kvar speidar freiste å gi deg eit tilbod når du ringer han.

Om du har meir enn ein speidar, så kan du også få eit andre tilbod (og eit tredje om du har tre speidarar) om du seier nei til det fyrste tilbodet. Men hugs at om du vel å seie nei til det fyrste tilbodet, så vil du aldri kunne reversere den avgjerda. Når du fyrst har sagt nei til eit tilbod, så er det endeleg.

Spelarane

Ungdomsakademiet ditt har plass til maksimum 18 spelarar samstundes. Nye spelarar i ungdomsakademiet ditt vil vere 15-16 år gamle. Dei fleste av evnene deira er ikkje oppdaga enno, så du vil ikkje sjå alle evnene eller personlegdomen deira slik som du gjer for seniorspelarar. For å utforske spelarane dine, så må du prøve dei i ulike posisjonar på bana for å sjå kvar dei er best. Hjelpemiddela er stjernekarakterane, speidarkommentarane og rapporten til trenaren. Gjennom trening vil du også vere i stand til å avdekke evnene deira, meir informasjon om dette i treningsavsnittet. Du kan også finne ytterlegare hint i kamprapporten.

Kampar

Ein gong i veka spelar ungdomslaget ditt seriekamp, og kvar tredje veke vil du òg kunne ha høve til å spele treningskamp.  Du legg inn ordrar på førehand og vel taktikk på same vis som du gjer for seniorlaget ditt. Om det ikkje vert lagt inn ein ordre, eller om lagoppstillinga er ufullstendig, så vil gutane ordne lagoppstillinga sjølv. Dei vil fyrst utrope ei målvakt, så fylle opne plassar i forsvaret (maks 5), følgt av midtbane og kantspelarar (maks 5), og til slutt angriparar (maks 3).

Trening

Ungdomsspelarane kan fokusere på to typar trening samstundes, ein primær og ein sekundær. Den primære treninga har meir effekt enn den sekundære. Du kan velje å trene den same typen (til dømes forsvar) som både primær og sekundær, men effekten av treninga vert større om du vel to ulike typar trening.

Ungdomsspelarar mottek trening frå både seriekampar (full effekt) og treningskampar (redusert effekt). Trening av ungdomsspelarar vert kalkulert for kvar kamp, så dei kan motta trening to gonger den same veka. Du må setja treningsinstruksjonar minimum 10 minutt før kampen byrjar. Effekten av treninga vert synleg etter at kampen er ferdig. Rett etter kampen er slutt, vil trenaren din gje deg ein rapport om kva som har hendt i laget, med mange gode hint om utviklinga til spelaren. Du får også høve til å avsløre evner:

For den primære evnetreninga, vil trenaren informere deg om det noverande nivået for ein spelar som har spelt minst 44 minutt i ein posisjon som gjev trening (dvs. mottek meir enn veldig liten effekt). Det same gjeld den sekundære evnetreninga, men i staden vil du få informasjon om det maksimale potensialet i den evna i staden for det noverande nivået. Rapporten som syner ein spelar sitt potensiale vil ikkje bli vist viss den spelaren når sitt maksimale trenbare evnenivå den same veka, i slike tilfelle vil trenaren gi beskjed om at spelaren ikkje kan fortsette treninga i den gitte evna.

Merk deg at du ikkje mottek ein rapport for den sekundære treninga om du trenar det same som den primære treninga. Om alle spelarane i ein posisjon som gjev trening har fått avslørt evnene sine, vil ikkje trenaren vere i stand til å gje deg ein slik rapport. I tillegg, om du har mindre enn 8 spelarar på bana når kampen sluttar, så vil du ikkje få avslørt nokon av evnene.

I tillegg vil trenaren din normalt sett også rapportere ein av dei tre spelarane med høgst potensial (høgaste evne nivå) i ei evne som ikkje får trening.

Forfremjing til seniorlaget

Kvar veke kan du forfremma ein ungdomsspelar til seniorlaget ditt. Ein ungdomsspelar må vera minst 17 år gammal og ha vore medlem av ungdomsakademiet ditt i minst ein heil sesong (112 dagar) før du kan forfremja han. Som alltid, så kan du aldri ha meir enn 50 spelarar på seniorlaget. Når ein spelar vert 19 år gammal, får han ikkje lengjer spele kampar for ungdomslaget ditt. Han treng ikkje å reise frå laget, men du vil ikkje sjå han igjen før du har forfremja han til seniorlaget.

Kostnadene

Når du set i gong med eit ungdomsakademi, betalar du eit eingongs-registreringsgebyr på 5 000 US$ frå dei mellombelse utgiftene i klubben din. Drift av ungdomsakademi med ein speidar kostar 10 000 US$ per veke og kvar ekstra speidar kostar 5 000 US$. Du må òg betale ytterlegare 5 000 US$ i signeringsbonus den fyrste veka du har ein ny speidar. Dei kostnadene som kjem kvar veke for akademiet vert lista som "ungdomsspeiding" i finansrapporten. Akademiet har ingen andre tilsette, dei er avhengig av at foreldra tek seg av transport, skrubbsår, skadar osb. - som dei gjer utan ekstra kostnader. Samstundes har ikkje ungdomsakademiet inntekter heller, dei få tilskodarane er som regel berre foreldre eller vener av ungdomsspelarane.

Forfremjing av ein akademispelar til seniorlaget ditt kostar 2 000 US$.

Bortsett frå det, er dei einaste kostadene du vil få om du ber speidaren sjå etter spelarar i ein annan region, du må du kanskje betale for flybilletten hans.

Stengje ned akademiet

Om du ynskjer å deaktivere ungdomsakademiet ditt, så kan du gjere det mellom sesongar eller om ungdomslaget ditt ikkje er medlem av nokon ungdomsserie. Du må uansett ha ungdomslaget ditt i minst 6 veker. Du kan òg starta ungdomsakademiet ditt på nytt, sjølv i ein akademisesong, ved å nytta "Omstart ungdomslag"-funksjonen på oversiktssida til ungdomslaget ditt. Denne funksjonen kan ikkje angrast, og du vil mista alle ungdomsspelarane dine og speidarane vil bli sparka, det stengde ungdomsakademiet ditt vil bli verande i ligaen sin, og du må finna ein ny liga til det nye ungdomsakademiet. Denne opsjonen kan berre nyttast ein gong på 3 sesongar (48 veker).

Merk deg at "restart ungdomslag" knappen er berre tilgjengeleg om ungdomslaget har vore inaktive (ingen speidartelefonar) dei siste 3 vekene eller om du ikkje har ringt speidarane dine denne veka og har færre enn 9 (under 19) spelarar i ungdomslaget.

Seriesystemet

Ein Hattricksesong varar i 16 veker: 14 ligarundar (8 lag i kvar avdeling som spelar mot kvarandre to gonger), ei veke med kvalifiseringskampar og ei veke utan aktivitet.

Divisjonstreet

Talet på ligadivisjonar kan variera frå land til land, men den grunnleggjande strukturen er alltid den same. Til dømes er det italienske systemet organisert slik:

1 Divisjon I (Serie A)
4 Divisjon II (II.1, II.2, II.3, II.4)
16 Divisjon III (III.1, III.2, osb. til III.16)
64 Divisjon IV (IV.1, IV.2, osb. til IV.64)
256 Divisjon V (V.1, V.2, osb. til V.256)
1024 Divisjon VI (VI.1, VI.2, osb. til VI.1024)
1024 Divisjon VII (VII.1, VII.2, osb. til VII.1024)
2048 Divisjon VIII (VIII.1, VIII.2, osb. til VIII.2048)
2048 Divisjon IX (IX.1, IX.2, osb. til IX.2048)
4096 Divisjon X (X.1, X.2, osb. til X.4096)
4096 Divisjon XI (XI.1, XI.2, osb. til XI.4096)

Merk deg at storleiken på divisjonane doblar seg for annankvar divisjon frå VI-divisjon.

Opprykk, nedrykk og kvalifiseringskampar

Om du vinn avdelinga di, rykkjer du anten direkte opp til ein høgare divisjon, eller så må du spela ein kvalifiseringskamp. I divisjonane II-VI rykkjer serievinnarane med flest poeng direkte opp, medan dei andre vinnarane spelar kvalifiseringskampar. I lågare divisjonar rykkjer alle vinnarane direkte opp. I oddetalsdivisjonar (VII, IX osb) rykkjer òg laga på andreplass direkte opp.

Serievinnarar som må kvalifisera seg, møter eit lag frå 6. eller 5. plass i divisjonen over. Dei beste avdelingsvinnarane møter dei dårlegaste av desse laga frå divisjonen over, og dei dårlegaste avdelingsvinnarane møter dei beste. Laget frå den høgaste divisjonen spelar alltid heime. Om avdelingsvinnaren vinn kvalifiseringskampen, byter dei to laga plass i seriesystemet. Om laget som opphavleg ligg i den høgaste divisjonen vinn, vert laga verande der dei er.

Om du kjem på 7. eller 8. plass, rykkjer du rett ned til divisjonen under (med mindre du alt ligg i den lågaste divisjonen). Over 6. divisjon vil det laget som rykkjer ned med den beste statistikken (det beste av laga som ender på 7. plass) byte plassar med opprykkslaga som har sterkast statistikk. Dei laga som rykkjer ned med den verste statistikken vil byte plassar med dei svakaste laga som har nådd opprykk. Om du rykkjer ned frå 6. divisjon (eller ein divisjon under), vil det laget som rykkjer ned med den beste statistikken byte plassar med laget som har den verste statistikken.

I divisjonane VII og IX vil laga som enda på 3. og 4. plass spela opprykkskvalifisering, og i divisjonane VIII og X vil laga som enda på 2. plass spela opprykkskvalifisering.

Byt avdeling i bytevindauget

Dersom laget ditt tevlar i ein av dei tre lågaste divisisjonane i seriesystemet, er det mogleg å byta frå ei avdeling til ei anna i den same divisjonen. For å få dette til må det vera ein ledig plass i avdelinga du ynskjer å bli med i, noko som vert vist i avdelingstabellen i løpet av bytevindauget i sesonpausen. Dessutan, viss du rår over eit ekstra lag, som del av Supporter-medlemsskapet ditt, kan laga dine aldri flytta for å spela i same avdeling.

Nedrykk og opprykk for datastyrte lag (bot)

Etter sesongslutt vil alle datastyrte lag i VI. divisjon og lågare automatisk bli degradert til den lågast moglege divisjonen. Det einaste unntaket til dette er toppen av VI. divisjon, kor alle datastyrte lag som vinn serien anten vil rykka opp eller spela kvalifiseringskamp som normalt. Datastyrte lag i V. divisjon eller over, vert handsama på same vis som lag med menneskelege eigarar når det gjeld opprykk og nedrykk.

Når desse datastyrte laga vert degraderte, vil det frigjera plass for andre lag i dei høgare divisjonane. Desse laga vert kalla "Lucky Losers", og er anten lag som tapte kvalifiseringskampar, eller i nokre høve lag som rykte direkte ned. Du kan velje vekk opprykk på dette viset i innstillingane for laget.

Om det er fleire datastyrte lag (bot-lag) i ikkje-botndivisjonane enn managerar i botndivisjonane, så vil systemet automatisk stengja botndivisjonane, og gjer då førebuingar deretter.

Serieplassering og rangering

Sluttstillinga vert avgjort av, i rekkefylgje etter kor viktige dei er, seriepoeng, målskilnad og talet på skåringar. Dette avgjer så rangeringa di, som vert nytta til å avgjera kven som møter kven i kvalifiseringar og cupkampar. Rangeringa er basert på fleire ting, i denne rekkjefølgja: serienivå, tabellplassering, poeng, målforskjell og talet på skåringar. Både for serieplasseringa og rangeringa gjeld det: om alle desse faktorane skulle vera like for to lag, vil det heile verta avgjort med myntkast!

Pengepremiar

Om du endar på fyrste, andre, tredje eller fjerde plass, får du ein pengepremie. Storleiken på premien kjem an på plasseringa og kva for eit serienivå du er på:


Serienivå 1 2 3 4
Divisjon I 2 000 000 US$ 1 175 000 US$ 825 000 US$ 500 000 US$
Divisjon II 1 350 000 US$ 1 050 000 US$ 750 000 US$ 450 000 US$
Divisjon III 1 200 000 US$ 925 000 US$ 675 000 US$ 400 000 US$
Divisjon IV 900 000 US$ 700 000 US$ 500 000 US$ 300 000 US$
Divisjon V 600 000 US$ 475 000 US$ 325 000 US$ 200 000 US$
Divisjon VI 525 000 US$ 400 000 US$ 300 000 US$ 175 000 US$
Andre divisjonar 450 000 US$ 350 000 US$ 250 000 US$ 150 000 US$

Det vert òg utbetalt ein bonus på 10 000 US$ for å ha toppskåraren i avdelinga. Pengepremien vert utbetalt etter siste seriekampen. Om to spelarar har skåra like mange mål, får begge klubbane utbetalt bonusen. Dersom to spelarar som deler toppskårartittelen begge tilhøyrer laget ditt, vert premien likevel utbetalt berre ein gong.

Opprykksbonus

Om du rykkjer opp til ein høgare divisjon, vil du få utbetalt ein opprykksbonus på toppen av dei andre pengepremiane. I tillegg vil eit opprykk ha ein positiv innverknad på supporterklubben din: Du får 10 % fleire tilhengjarar (på same måten vil du tapa 10% om du rykkjer ned). Om du rykkjer opp "gratis" utanom dei vanlege opprykksplassane, så får du berre dei ekstra tilhengjarane. Døme på dette inkluderer bonusopprykk grunna fjerning av bot-lag og mellombelse ekstra opprykksplassar tilgjengeleg i Hattrick International-ligaen.


Serienivå Direkte opprykk Opprykk etter kvalifisering
Divisjon I - -
Divisjon II 500 000 US$ 175 000 US$
Divisjon III 450 000 US$ 150 000 US$
Divisjon IV 400 000 US$ 125 000 US$
Divisjon V 300 000 US$ 100 000 US$
Divisjon VI 200 000 US$ 75 000 US$
Andre divisjonar 175 000 US$ 50 000 US$

Cupsystemet

Deltaking i ein av cupane i Hattrick er ei spennande utfordring for alle managerar, i tillegg er det eit godt høve for spelarane dine å hausta røynsle og for å tena ekstra pengar til klubben din. Cupsystemet i Hattrick er meint å kunne tilby ei meiningsfylt oppleving for lag på alle nivå. Det har òg blitt utforma for å sikra at alle laga vert garantert minst tre cupkampar kvar sesong.

Alle lag i 6. divisjon og over vil få delta i den nasjonale cupen. I fall ei tidleg utsleging frå den nasjonale cupen, så vil laget få høve til å ta del i ein litt lågare rangert cup. Om ligaen din har meir enn seks divisjonar, så vil det òg vera ein divisjonscup for kvar divisjon under 6. divisjon. Laga i desse divisjonane (7. divisjon og under) vil spela i deira respektive divisjonscupar, i staden for den nasjonale cupen.

Om laget ditt vert tidleg utslegen frå divisjonscupen så vil du, likt som i den nasjonale cupen, få sjansen til å delta i ein lågare rangert cup i staden for.

Cupoppsett

Cupkampar vert alltid spela midt i veka. Den fyrste runden i den nasjonale cupen og divisjonscupen finn stad nokre få dagar før den fyrste seriekampen din i sesongen. Challenger cupane er sett saman av lag som har blitt utslegne frå anten den nasjonale cupen eller divisjonscupen, og difor byrjar den fyrste Challenger cupen ei veke etter den nasjonale cupen og divisjonscupen. Det finst separate Challenger-cupar som korresponderer med dei nasjonale cupane og med kvar einskild divisjonscup. Den fyrste cupmotstandaren din og cupen du vil ta del i vert annonsert ei veke på førehand. I komande rundar vil dei neste motstandarane dine og noverande cup bli annonsert rett etter at alle kampar i noverande cup er slutt.

Cup-arena

Hovudregelen er at det sterkaste laget som er att i cupen vil møte det svakaste laget att i cupen. For å avgjera dette, så nyttar me ei cup-rangering, som forklart lenger ned.

I dei siste seks rundane i cupen, så har ikkje lenger rangering noko å seie for heime- eller bortefordel, ettersom alle kampar vert spela på nøytral bane.

Cup-trekking

Korleis vert motstandaren din i cupen avgjort?

I den fyrste runden av cupen, så vil dei høgst rangerte laga alltid spele mot dei lågast rangerte laga i cupen.

Før avspark i fyrste runden, så vert andre runde trekt. For denne trekkinga, så går ein ut frå at alle høgt-rangerte lag går vidare frå den fyrste runden.

Om eit lågare rangert lag vinn i den fyrste runden, så vil det arva plassen til motstandaren i den andre runden. Det vil føre til at dei kanskje får ein enklare motstandar enn det ein elles kunne ha fått i den runden.
Men dette føremonet varar ikkje. Før avspark i den andre runden, så vert tredje runde trekt. Igjen, så vert alle resterande høgt-rangerte lag sett opp mot dei resterande lågt-rangerte laga.

Føremonet med dette systemet er at for alle cup-rundar, så veit alle resterande lag kven dei vil møte om dei går vidare til neste runde. Det finst alltid ein kamp til, og der vinnaren vil spele vinnaren av kampen din i neste runde.

Her er eit døme på korleis Hattrick Cup-trekking fungerer:

1. I den fyrste runden har me fylgjande 16 lag og kampar:

Fyrste runde

TeamRank16-TeamRank1
TeamRank15-TeamRank2
TeamRank14-TeamRank3
TeamRank13-TeamRank4
TeamRank12-TeamRank5
TeamRank11-TeamRank6
TeamRank10-TeamRank7
TeamRank9-TeamRank8

Den forventa runde 2 kampoppstilling, som vart gjort kjent før runde 1 tok til, er desse:

TeamRank8-TeamRank1
TeamRank7-TeamRank2
TeamRank6-TeamRank3
TeamRank5-TeamRank4

Likevel, så endte to kampar med ein overraskande siger for dei svakaste laga - lag 16 og 14 overpresterte. Grunna dette, så vil det faktiske kampoppsettet i runde 2 vere:

TeamRank8-TeamRank16
TeamRank7-TeamRank2
TeamRank6-TeamRank14
TeamRank5-TeamRank4.

No er trekkinga for runde 3 gjort, og systemet vil endå ein gong gå ut frå at dei høgst-rangerte laga vil vinne, så difor vert trekkinga soleis:

Team Rank8-TeamRank2
TeamRank6-TeamRank4

Om lag 16 vinn igjen, så vil det få plassen til lag 8.
Om lag 14 vinn igjen, så vil det få plassen til lag 6.

Cup-rangering

Cup-rangeringa vert nytta når ein oppretter cup-trekkinga. Det er ein statisk rangering som ikkje endrar seg etter at cupen har teke til. Den fyrste faktoren er kva divisjon laga spelar i i løpet av den noverande sesongen. Laga vert sidan rangert innan desse divisjonsgruppene som fylgjer her:

1. Aktive degraderte lag
2. Aktive lag som korkje vart degraderte eller rykte opp
3. Lag som rykte opp med eiga hjelp
4. Lag som rykka opp "gratis" (tok plassen til eit degradert bot-lag)
5. Datastyrte lag i høve ledige plassar

Lag i kvar gruppe over er sortert etter rangeringa ved sesongslutt sist sesong. Rangeringa vert den same så lenge cupen varer.

Bli med i ein sekundær cup seinare

For Ponduscupen og Trøystecupen, så vert tidspunkt for inngang òg ein faktor i rangeringa. Laga som kjem inn tidleg er garantert å bli rangert høgare enn laga som blir med seinare. Cup-rangeringa til kvart lag gjeld likevel, men berre til å avgjere i kva rekkefylgje laga som vart med på same dato blir rangert.

Eit døme kan vere om laget ditt held seg i den nasjonale cupen fram til den 5. eller 6. runden før du vert utslegen. Sidan cup-eventyret ditt held fram i Ponduscupen som er på eit lågare nivå, så vil du alltid bli rangert dårlegare enn laga som kom inn før deg. Dei høgst rangerte laga av dei som kom inn i fyrste runde vil spele mot dei lågast rangerte laga av dei som nyleg kom inn.

Dei ulike cupane og formata deira

Den viktigaste cupen i kvar liga er den nasjonale cupen. Denne er open for alle lag i 6. divisjon og ovanfor som har ein menneskeleg manager. Berre dei aller beste laga vil ha moglegheit til å vinne den nasjonale cupen, men alle lag som når langt i turneringa vil bli løna godt.

Men, dersom laget ditt tidleg vert slege ut av den nasjonale cupen vil du få ein ny sjanse. Viss du vert slege ut i ein av dei seks fyrste rundane av den nasjonale cupen, vil du få plass i ein av dei tre nasjonale vandrepokalcupane. Deltaking i vandrepokalcupane vil framleis vere attraktivt for klubben din, men langt mindre lønsamt enn den nasjonale cupen. Å karre seg vidare i den nasjonale cupen skal alltid betale seg.

Dei tre utfordrarcupane er opphavleg kalla smaragd, rubin og safir. Smaragdcupen tek til seg alle lag som vert utslegen frå den nasjonale cupen i runde 1 eller 6. Lag som vert utslege i runde 2 eller 5 deltek i rubincupen. Og lag som vert utslege i runde 3 eller 4 vert flytta til safircupen. Dei tre cupane vert spela parallelt med kvarandre og med den nasjonale cupen, og det vil verte kåra éin vinnar i kvar av dei. Merk deg at utfordrarcupane kan hende har fått nye namn i nokre ligaer ulikt frå dei opphavlege namna.

Lag som vert utslege i runde 1 av smaragdcupen og runde 1 av rubincupen, vil få plass i trøystecupen. Denne cupen gjev ikkje premiepengar eller andre frynsegode, men vinnaren vil få ein trofé.

I ligaer med meir enn seks divisjonar vil det bli arrangert divisjonscupar for 7. divisjon og nedover. Divisjonscupen følgjer eit likande mønster med ein hovudcup, dei tre vandrepokalcupane smaragd, rubin og safir, og dessutan ein trøystecup. Den einaste skilnaden er at dei samla prispengane er lågare.

Storleiken på cupane vert avgjort av talet på lag som er kvalifisert for cupen og som er managerstyrt. Den minste moglege cupstorleiken som samstundes gjev rom for alle kvalifiserte lag vil bli vald. Så snart alle managerstyrte lag er med så vil cupen bli fylt opp med bot-lag slik at alle får ein motstandar.

1. Mengda av kvalifiserte lag styrt av menneske er talt opp
2. Den minste cupstorleiken som passar alle laga styrt av menneske er vald
3. Denne cupen er så fylt opp med menneskestyrte lag fyrst
4. Så deltek "vanlege" bot-lag frå seriesystemet
5. Viss dette ikkje er nok så vil nye bot-lag bli skapt eine og åleine for deltaking i cupen.


Veke Noregsmeisterskapen Ponduscup
(Smaragd)
Ponduscup
(Rubin)
Ponduscup
(Safir)
Trøystecup
Lag Lag Lag Lag Lag
1 16384
2 8192 8192
3 4096 4096 4096 4096
4 2048 2048 2048 2048 4096
5 1024 1024 1024 2048 2048
6 512 512 1024 1024 1024
7 256 512 512 512 512
8 128 256 256 256 256
9 64 128 128 128 128
10 32 64 64 64 64
11 16 32 32 32 32
12 8 16 16 16 16
13 4 8 8 8 8
14 2 4 4 4 4
15 - 2 2 2 2
16 - - - - -
  • Tapande lag i runde ein og seks av den nasjonale cupen, vil gå vidare til Ponduscupen smaragd.
  • Tapande lag i runde to og fem i den nasjonale cupen, vil gå vidare til Ponduscupen rubin.
  • Tapande lag i runde tre og fire i den nasjonale cupen, vil gå vidare til Ponduscupen safir.
  • Tapande lag i runde ein av Ponduscupen smaragd og runde ein av Ponduscupen rubin, vil gå vidare til Trøystecupen.

Lageffektar

Eit viktig aspekt ved cupane er dei taktiske valmoglegheitene dei fostrar. Å halde seg i cupen for ei lang tid gjev deg fleire konkurransekampar, som òg inneber fleire moglegheiter til å auke sjølvtillit og lagånd. Cupkampar gjev dessutan spelarane dine meir rutine, som til saman med høgare billettsal gjer ei lang cupdeltaking meir verdifull. Men, cupane vil ikkje innverka likt på laget ditt.

Kort og skadar er gjeldande i alle cupane. Viss ein spelar pådreg seg eit kort i ein cupkamp kan han bli suspendert i den påfølgjande seriekampen.

Lagånd, sjølvtillit og stemning hjå tilhengjarane: Berre kampar i den nasjonale cupen og divisjonscupen vil ha ein effekt på desse verdiane. Kampar spelt i ein av dei andre cupane vert rekna som ein treningskamp når det gjeld påverknaden på framtidig lagånd, sjølvtillit og stemning hjå tilhengjarane.

Rutine: Den nasjonale cupen og divisjonscupen gjev spelaren på bana dobbelt så mykje rutine samanlikna med ein seriekamp. Kampar i vandrepokal og trøystecupen gjev spelarane dine halvparten så mykje rutine som dei vil få i ein seriekamp.

Cupinntekter

Tilskodarinntekter er ein viktig føremon frå ein vellukka innsats i cupen. Dess lengre du går i alle cupar, dess fleire tilskodarar vil koma og soleis vil det skapast meir inntekter. Den nasjonale cupen og divisjonscupane er vesentleg meir attraktivt for tilhengjarane enn deira tilsvarande Utfordrar (Pondus)- eller trøystecupar. Medan ein nasjonal cup og divisjonscupkamp (i det minste i dei seinare rundane) kan tiltrekka seg liknande tilskodartal som ein seriekamp, så er dei andre cupane meir samanliknbare med treningskampar når det gjeld tilskodaroppmøte. Den nasjonale cupen vil tiltrekkja seg tre gonger fleire tilskodarar enn ein internasjonal treningskamp mellom dei to laga ville gjort. Den nasjonale trøystecupen vil tiltrekkja seg dobbelt så mange tilskodarar enn ein internasjonal treningskamp mellom dei to laga ville gjort. Divisjonscupen vil tiltrekkja seg dobbelt så mange tilskodarar enn ein internasjonal treningskamp mellom dei to laga ville gjort. Divisjonstrøystecupen vil tiltrekkja seg 50% fleire tilskodarar enn ein internasjonal treningskamp mellom dei to laga ville gjort.

Heimelaget får 67% av tilskodarinntektene, og bortelaget får 33%. I dei siste 6 rundane deler laga inntektene 50/50. Til vanleg er ikkje tilhengjarane så interesserte i dei fyrste rundane av cupen, men interessa vil auka etter kvart. Det er òg sant at tilhengjarane av lag frå lågare divisjonar gjerne vil sjå ein kamp mot lag frå høgare divisjonar, men det er ikkje sant den motsette vegen. Dei beste laga i cupen mottek noko premiepengar som vist i tabellen under. Det finst ingen toppskårarpremie for cupen.

Noregsmeisterskapen

Plassering Noregsmeisterskapen Ponduscup Trøystecup
Vinnar 1 500 000 US$ 300 000 US$ -
2. plass 1 000 000 US$ 150 000 US$ -
Semifinale-exit 750 000 US$ 100 000 US$ -
Kvartfinale-exit 500 000 US$ 50 000 US$ -
8-delsfinale exit 250 000 US$ 25 000 US$ -
16-delsfinale exit 200 000 US$ - -
32-delsfinale exit 180 000 US$ - -
64-delsfinale exit 160 000 US$ - -
128-delsfinale exit 140 000 US$ - -
256-delsfinale exit 120 000 US$ - -
Plassering Divisjonscup Ponduscup Trøystecup
Vinnar 300 000 US$ 150 000 US$ -
2. plass 150 000 US$ 100 000 US$ -
Semifinale-exit 100 000 US$ 50 000 US$ -
Kvartfinale-exit 50 000 US$ 25 000 US$ -
8-delsfinale exit 25 000 US$ - -

Treningskampar

Du vil gjerne gje alle spelarane dine trening i dei rette posisjonane. Difor er alltid treningskampar eit godt alternativ når du ikkje er med i cupen. Desse kampane vert ofte brukte til å la reservene dine spela og få trening, men dei kan òg vera ein fin arena for å testa ut nye formasjonar og ordrar. Eller kvifor ikkje utfordra ein kamerat til eit slag om heider og ære?

Å få ein treningskamp

Den enklaste måten å skaffa seg ein treningskamp på, er å leggja laget ditt til i utfordringspotten. Vel kva type motstandar og kva kamptype du ynskjer, og potten vil automatisk finna ein motstandar til deg og arrangera ein kamp (så snart eit lag høver til kriteria dine).

Så lengje du er ute av cupen, og ikkje alt har avtala ein treningskamp, så kan du utfordre kven som helst som også er utan kamp. Nokre lag kan hende er utilgjengelege for utfordringar grunna innstillingar eller status på Managerlisens.

Alle utfordringane (inkludert lag som har utfordra deg) kan du sjå på sida som heiter "Utfordringar". Så snart ein treningskamp vert sett opp, vil den verta synleg på sida "Kampar", og du kan byrja å setja opp laget.

Treningskampar i sesongpausen

I løpet av veke 15 og 16 i sesongen vil du òg vera i stand til å spela treningskampar i helga, så lenge dei ikkje kjem i vegen for ein kvalifiseringskamp.

I løpet av denne perioden, så vil det å utfordra nokon fungera litt annleis. Når du utfordrar, så vil du få fram to alternativ der du kan velja om utfordringa gjeld for ein midtvekekamp eller for ein helgekamp.

Utfordringsvindauget for helgekampar, uavhengig om dei er internasjonale eller nasjonale, vil vera frå måndag 06:00 til fredag 23:59.

Typar treningskampar

Det er to typar treningskampar: treningskamp (normal) og treningskamp (cupreglar). Med cupreglar vert kampen avgjord etter ekstraomgangar (og kanskje etter straffekonkurranse), dersom det er uavgjort etter full tid.

Internasjonale treningskampar

Du kan invitera lag frå andre land til å spela på ditt stadion, eller du kan ta imot invitasjon til å spela kamp i landet deira. Om du spelar i utlandet, vil kampen gå på det kamptidspunktet som dei brukar i det landet. Til dømes vil kampen verta spela onsdag 9.45pm CET om du spelar treningskamp i Portugal.

Uansett kvar du skal spela, så reiser laget ditt av garde kl. 18:00 (CET) på tysdag og kjem heim att kl. 08:00 (CET) på torsdag. Internasjonale treningskampar må vera avtalte seinast på tysdag klokka 1800 (CET), og du kan ikkje avtala nye treningskampar i det heile før laget ditt har kome heim att på torsdag. Om ikkje ditt lag spelte ein internasjonal treningskamp, så kan du byrje avtale nye treningskampar for neste veka kl. 06:00 på torsdag.

Kvar einaste reise utanlands vil kosta 6 000 US$, men på den andre sida har internasjonale treningskampar ein tendens til å samla fleire tilskodarar.

Ymse

Talet på tilskodarar på ein treningskamp er merkbart mindre enn på ein obligatorisk kamp. Treningskampar med cupreglar trekkjer til seg fleire tilskodarar enn dei med normale reglar, internasjonale treningskamper trekkjer endå fleire.

Sjølvtilliten og lagånda vert ikkje påverka, og det vert heller ikkje tilhengjarane og humøret deira. Risikoen for skadar er derimot den same i treningskampar som i kampar elles.

Å spela på nøytral grunn

Om du ynskjer å spela ein kamp utan at eitt av laga får heimefordel, kan du velja å spela på nøytral grunn. Men om du spelar på ein arena i den same regionen som du sjølv tilhøyrer, vil du framleis få heimefordel - sjølv om laget ditt vert oppført som bortelag. Eigaren av areanen vil ikkje tena noko på desse treningskampane.

Uansett kor du vel å spela, er ein kamp mot eit lag frå utlandet å rekna som ein internasjonal treningskamp.

Hattrick Arena-tevlingar

Hattrick Arena er den alternative konkurranseforma for laga i Hattrick. Det finst mange typar Hattrick Arena-tevlingar, frå einskilde duellkampar mot andre managerar, til offisielle stigeturneringar der du kan freista verta 'Kongen på haugen'. Det er til og med private turneringar du kan oppretta og styra sjølv, og reglar valt av deg.

Merk deg at du kan framleis spela vanlege treningskampar kvar veke, sjølv om du spelar i ei turnering.

Opprette eller bli med i ei turnering

Hattrick Arena har eit fleksibelt system for oppretting av turneringar. Det er mogleg å bli med i turneringar oppretta av andre, eller oppretta ein for deg sjølv og venene dine, og ved å nytta tilpassa reglar for å gjere tevlinga meir spennande.

Som ansvarleg for turneringa, så kan du avgjera alle moglege aspekt ved turneringa. Namn, format, storleik, kamptidspunkt og spesielle reglar så som å berre tillate ein særskild kategori spelarar (heimeavla, minimum eller maksimum alder), eller setja eit lønstak eller grense for styrkerangering for deltakande lag.

Alle kan setja opp ei turnering ved å nytta Hattrick kredittar. Oppretting eller å bli med i ei turnering er gratis om du er ein Gold, Platinum eller Diamond supporter.

Kampdagar i Arenaen

Hattrick Arenakampar vert spela på nøytrale baner, og dei gjev deg ikkje noko tilskodarinntekter (og ingen nye medlemmar i supporterklubben).

Alle turneringskampar nyttar dei same kampdata som ordinære kampar. Så forma, evnene, røynsla, skadestatus og liknande til spelarane dine på kampdagen vil nyttast. Det finst likevel to unntak: lagånd (og sjølvtillit) er sett til ein fast verdi og kort fungerer ulikt. Sjå under for detaljar.

Kampar har heller ingen effekt på laget ditt eller spelarane dine etter kampen. Spelarane får heller ikkje trening eller røynsle frå desse kampane, kampane har heller ingen innverknad på formasjonsrøynsle, lagånd og så vidare.

Divisjonsbataljar og trofèar

Du vil òg finne fleire ulike offisielle tevlingar i Hattrick Arena. Desse er oppretta av Hattrick, og du kan delta gratis om du vert invitert.

I divisjonsbataljar kan du og andre managerar i serien din tevla mot dei andre seriane i divisjonen din. Kvar runde vert serien din trekt mot ein annan serie, der alle dei deltakande laga vil møte eit lag frå den andre. Målet er å kunne feire at de er den beste serien i divisjonen dykkar når sesongen er slutt!

Hattrick arrangerer òg to andre turneringar som vert spela i sesongpausen. Ættarledsmeisterskapen er ei turnering der managerar som byrja spele Hattrick om lag på same tid vert sett opp mot kvarandre.

Supportermeisterskapen er ei invitasjons-turnering for alle noverande Hattrick supporterar.

Hattrick Arena-effekter i detalj

Alle detaljar du treng å vete om Arenakampar finn du her:

  • Lagånd: Lagånda er sett til eit fast nivå (tilfredse) i Hattrick Arenakampar.
  • Sjølvtilliten til spelarane: Sjølvtilliten til spelarane er sett til eit fast nivå (glimrande) i Arenakampar.
  • Skadar: Du vil ikkje få skadar i Arenakampar, men om spelaren din alt har ein skade frå ein ordinær Hattrick-kamp, så vil dei ikkje kunne spela.
  • Kort (eigne turneringar): Turneringar har sin eigen kortstatus, og eit annleis system med raude / gule kort frå 'vanlege' Hattrick. Eit kvart kort motteke i ein turneringskamp vil berre gjelda for kampar som er ein del av turneringa. På same vis vil ein spelar som får raudt kort i ein vanleg kamp i Hattrick framleis få lov til å spela ein turneringskamp.
  • Kort (stigar): Kort tel ikkje i det heile i stigekonkurransar.
  • Trening: Spelarar mottek ikkje trening frå å spela turneringskampar.
  • Røynsle: Spelarar får ikkje noko røynsle av å spela turneringskampar.
  • Formasjonar: Den noverande formasjonsrøynsla di i "normale" Hattrick vert òg nytta i turneringskampar. Du vil likevel ikkje få noka formasjonsrøynsle frå turneringskampar.

Stigetevlingar

I ei stige er målet ditt å nå den høgste rangeringa og bli 'Kongen på haugen'. Og så bli verande der så lengje du kan. For å nå toppen, må du utfordra andre lag rangert over deg for å ta deira plass i stigen.

Utfordringsreglar

Kva lag du kan utfordra er avhengig av kvar i stigen du er plassert.

  • Pos 2-5: Kan berre utfordrast av laget som er like over dei i stigen.
  • Pos 6-11: Kan utfordre lag 1-2 plassar over dei, men ikkje høgare enn 5 plass.
  • Pos 12-18: Kan utfordre lag 1-3 plassar over dei, men ikkje høgare enn 10 plass.
  • Pos 19-39: Kan utfordre lag 1-5 plassar over dei, men ikkje høgare enn 16 plass.
  • Pos 40-63: Kan utfordre lag 1-7 plassar over dei, men ikkje høgare enn 35 plass.
  • Pos 64-99: Kan utfordre lag 1-10 plassar over dei, men ikkje høgare enn 57 plass.
  • Pos 100-129: Kan utfordre lag 1-15 plassar over dei, men ikkje høgare enn 90 plass.
  • Pos 130-169: Kan utfordre lag 1-25 plassar over dei, men ikkje høgare enn 115 plass.
  • Pos 170-199: Kan utfordre lag 1-35 plassar over dei, men ikkje høgare enn 145 plass.
  • Pos 200-249: Kan utfordre lag 1-50 plassar over dei, men ikkje høgare enn 165 plass.
  • Pos 250-599: Kan utfordre lag 1-75 plassar over dei, men ikkje høgare enn 200 plass.
  • Pos 600-1099: Kan utfordre lag 1-100 plassar over dei, men ikkje høgare enn 525 plass.
  • Pos 1100-2499: Kan utfordre lag 1-250 plassar over dei, men ikkje høgare enn 1000 plass.
  • Pos 2500-5499: Kan utfordre lag 1-500 plassar over dei, men ikkje høgare enn 2250 plass.
  • Pos 5500+: Kan utfordre lag 1-1000 plassar over dei, men ikkje høgare enn 5000 plass.

Utfordraren betalar for kampen og utfordra lag aksepterer utfordringa automatisk. Kampen vert spela 24 timar etter at utfordringa er sendt. Om utfordraren vinn, så vert Kredittane refundert.

Posisjonsendringar etter ein kamp

Om du utfordrar eit lag og vinn, så tek du plassen til det laget du utfordra. Det utfordra laget vert flytta ned 1 posisjon (dette gjeld òg for alle andre lag mellom dei to laga i stigen).

Døme: Lag A er på 54. plass og utfordrar B, for tida på 47. plass. Om A vinn, så tek A 47. plassen frå B. B vert flytta ned til 48. plass, og laget som hadde 48. plass vert flytta ned til 49, laget som hadde 49. plass vert flytta ned til 50, og så bortetter.

Om du tapar, så vil båe laga verta verande på plassane sine.

Friperiodar frå utfordringar

Etter ein kamp der du vart utfordra , kan ikkje andre lag utfordra deg på 12 timar (sidan starten på den siste kampen din). Dette vil seia at du har ein friperiode til sjølv å utfordra eit lag og klatra i stigen.

Etter ein kamp der du var utfordraren, kan du ikkje utfordra eit anna lag i minst 12 timar (sidan starten på den siste kampen din). Dette for å gje andre lag ein sjanse til å utfordra deg (og i tillegg for å hindra scenario kor til dømes #2 med det same alltid utfordrar #1, og som gjer det umogleg for #3 å utfordra han og ta den plassen).

Landslag

I Hattrick, akkurat som i røynda, er det landslag som konkurrerar mot kvarandre. Men i Hattrick er landslagssjefen for landet ditt valt av deg! Kvart land i Hattrick har eitt landslag, i tillegg til eit U-21 lag som er sett saman av spelarar som er 21 år eller yngre. Det betyr at kvart land har to landslagssjefar, begge valt av fellesskapen. Verdsmeisterskapsformatet endra i Sesong 77 (17. januar 2021).

Landslagets konkurransearenaer

Landslaga konkurrera mot kvarandre i tre samanhengande turneringar. Kontinentale cupar, Nasjonscupen og den faktiske Verdsmeisterskapen. Konkurransen går over to sesongar. Den starta med Regionale cupar for Europa, Amerika, Afrika og Asia/Oceania i seriesystem, og endar opp med Verdsmeisterskapet.

Nasjonscupen er ein mindre turnering for landslag som ikkje kvalifiserte seg for Verdsmeisterskapet, og skal spelast samstundes som VM.

Landslagslag har sine eigne kortopplegg, og er eit eige system av raude / gule kort frå "normale" Hattrick. Så alle kort som ein får under landslagets- eller U21-kampar vil berre gjelde det meisterskapet. Så skulle ein spelar bli utvist i ein vanleg Hattrick kamp, så vil han vere tilgjengeleg for U21 og landslaget. Kortoversikta vil bli tilbakestilt når meisterskapet er over, (eller når laget er slått ut).

Kontinentale cupar

Alle landslag i Hattrick er garantert ein plass i den Kontinentale cupen. Den Kontinentale cupen blir delt inn i grupper på 6 landslag. Gruppene er rangert basert på landslaga si rangering (sjå under).

Den Kontinentale cupen blir spelt over 10 veker, med doble kampar mot kvart lag (heime og borte). I den siste veka er det kvartfinalar, semifinalar og finalar.

Dei 8 beste laga frå kvar region, basert på posisjonen deira, poeng, målskilnad og mål skåra, vil spele i kvartfinalane, semifinalane og finalane medan resten av landslagssjefane kan arrangere treningskampar på fredagar. I kvartfinalane vil dei fire beste laga (basert på posisjonen deira, poeng, målskilnad, skåra eller tilfeldig om det står likt) tilfeldig møte dei fire dårlegaste laga som kvalifiserte seg til kvartfinalane. Og to lag frå den same gruppa vil ikkje møte kvarandre i kvartfinalane. Vinnaren blir utkåra som kontinental meister, og mottek ein gullpokal. Sølv til 2.plassen og bronse til 3.-4.plassane.

Verdsmeisterskap

Verdsmeisterskapen starta i veke 13 av den første sesongen og vara heile sesong 2. Det er delt opp i 5 rundar, med semifinalar og finalar til slutt.

96 lag deltek i Runde 1, fordelt på 16 grupper (6 lag per gruppe) og vil spele doble kampar. Topp 4 vil gå vidare til Runde 2, resten blir utslegne.

Runde 2 vil vere delt opp i 16 nye grupper med 4 lag som vil spele mot doble kampar mot kvarandre. Topp 2 vil gå vidare til Runde 3.

I Runde 3 har me 8 grupper med 4 lag der dei spela ein kamp mot kvar motstandar på nøytral bane, og topp 2 går vidare til Runde 4.

Runde 4 og 5 vil ha 4 og 2 grupper, med 4 lag i kvar gruppe. Kvart lag vil spele mot kvarandre ein gong på nøytral bane og dei 2 beste vil kvalifisere seg til neste runde.

Begge semifinalane og finalen vil bli spelt på nøytral bane. Vinnaren av finalen blir krona som Verdsmeister, og blir tildelt ein gullpokal. Sølv og bronsepokalar blir gitt til dei som nesten nådde opp.

Før kvar runde vil lagånda og sjølvtilliten anten heilt eller delvis bli nullstilt. Til dømes, om dagens lagånd er på nivå 9 og den nullstilte verdien 5 med 80% nullstilt, så vil lagånda reduserast med (9 - 5) * 0,8 = 3,2 nivå. Den nullstilte verdien og midtpunktsverdien for dei daglege oppdateringane, for både lagånd og sjølvtillit, er 5,0.

Nasjonscup

Lag som ikkje kvalifiserte seg til Verdsmeisterksapen vil spele i Nasjonscupen samstundes som Verdsmeisterkapen pågår. Denne turneringa blir spelt i Sveitsisk system (liknande som Supportermeisterskapen).

Dette er ikkje berre ei trøysteturnering, men vil óg vere viktig for mindre lag ettersom resultatet av Nasjonscupen vert nytta til rangering til den neste kontinentale meisterskapen. På slutten av Nasjonscupen, medan semifinalar og finalar blir spelt i verdsmeisterkapen, vil dei 8 beste laga gå vidare til ei utslagsturnering, og vinnaren vil vinne ein trofé. Dei fire beste laga (basert på posisjon, poeng, målskilnad, skåra mål, tilfeldig om alt anna er likt) vil møte dei fire dårlegaste laga som kvalifiserte seg til kvartfinalane.

Under kampar i den Nasjonscupen, kan ikkje spelarar bli skadd, men kort fungerar likt som i alle andre turneringar. Formasjonsrøynsla som er opparbeida etter Kontinentalcupen vil bli verande, og med ein sjanse for at formasjonsrøynsla vert nullstilt akkurat som før verdsmeisterskapen, og då vert oppdatert som vanleg etter kvar nasjonsligakamp.

Vinnaren er tildelt Nasjonscuptroféen.

Verdsmeisterskap kvalifisering

96 lag vil gå vidare frå den Kontinentale cupen til Verdsmeisterskapen.

Kvar region har sine eigne Verdsmeisterskap plassar, som blir tildelt til det beste laget i kvar gruppe i den Kontinentale cupen. Som du kan sjå i tabellen under, har Europa 32 plassar, Asia/Oceania 21 plassar, Afrika 12 plassar og Amerika 20 plassar.


Kontinent Lag Verdsmeisterskap plassar
Europa 48 32 (4 promotions / group)
Asia-Oseania 42 21 (3 promotions / group)
Afrika 24 12 (3 promotions / group)
Amerika 30 20 (4 promotions / group)

Eit tal med jokerplassar vil bli tildelt for lag som ikkje kvalifiserte seg direkte gjennom gruppespelet i den kontinentale cupen. Med 11 tilgjengelege jokerplassar, vil dei 22 beste laga som ikkje kvalfiserte seg for Verdsmeisterskapen, basert på poeng, målskilnad og mål skåra i gruppespelet i den Regionale cupen, bli tildelt ein plass i eit jokersluttspel.

I Jokersluttspelet vil laget med den høgaste rangeringa (rangering som óg er basert på resultata frå førre verdsmeisterskap) spele mot det dårlegaste rangerte laget, og laget med den nest høgaste rangeringa, møter det nest dårlegaste rangerte laget, og så bortover. I sluttspelet blir det spelt heime og borte, og med ein fullstending nullstilling av lagånd og sjølvtillit i laget før den fyrste kampen. Ved uavgjort vil den andre kampen gå til ekstraomgangar og straffespark.

Rangering av landslag

Kvart landslag har sin eigen rangering som blir nytta for å skilje dei ulike landslaga i trekninga til den Kontinentale cupen. Dei siste 5 sesongane har innverknad på rangeringa, men vektlegginga av prestasjonane synk med tida, så den eldste prestasjonen vil ha minst effekt på rangeringa.

Det er 3 faktorar som gjev utslag på rangeringa:Resultat av kvar enkelt kamp (M), viktigheita av kampen (I) og kor god motstandaren var (T). Nærare bestemt, formelen som blir nytta til å kalkulere rangeringa blir som følgjer: P = M x I x T


Kamp resultat (M) Poeng Kamp Viktigheit (I) Poeng
Siger 3 Verdsmeisterskap semifinale/finale 4
Uavgjort 1 VM resterande rundar 2.5
Tap 0 Kontinentale cupfinalar 3
Sigra i straffekonkurranse 2 Kontinentale resterande kampar 2
Tapar straffekonkurranse 1 Nasjonscup 1
Treningskampar 0

For T variableen, trekk me frå rangeringsplasseringa av motsandaren med 250.

Deretter, den siste rangeringa er gjennomsnittspoeng (P) dei siste 5 sesongane, vekta med 100%, 70%, 50%, 30% og 20% med 100% i den noværande sesongen, og 20% 4 sesongar sidan. Rangeringa er oppdatert etter kvar kamp.

Kontinentalcup trekning

For den Kontinentale cupen nyttar me Landslagsrangeringa for å trekke gruppene. Det første laget i kvar gruppa er reservert for topplaga, slik at gruppe 1 vil få det høgast rangerte landslaget, gruppe 2 vil få det nest-høgaste osb. Deretter har me 5 trekkingsbaljar, ein for kvar posisjon i gruppene til resten av laga er sortert etter Landslagsrangeringa. Til dømes, i den Amerikanske cupen, vil me har 5 grupper med 6 lag. Det første laget i kvar gruppe er dei 5 beste laga sett ut frå Landslagsrangeringa. Deretter vil den neste laget i gruppa vere eit av dei 6. til det 10. beste laget, den tredje laget i gruppa mellom 11 til 15. osb. Undervegs i live-trekkinga vil me jobbe oss gjennom alle gruppene, heilt fram til alle gruppene er fylt opp.

Verdsmeisterskapstrekning

Lagrangeringa frå den noverande sesongen avgjer rangeringa til det laget i trekkinga for verdsmeisterskapen. Det er 16 grupper i verdsmeisterskapens første runde, og dei første laga i kvar gruppa vert trekt automatisk. Det høgst rangerte europeiske laget frå gruppespelet i den Kontinentale cupen (EU#1 i tabellen under) vil alltid vere det første laget som blir trekt i gruppe 1, og laget rangert som nr. 8 frå Amerika vil vere det første laget som blir trekt i gruppe 16.

Når eitt lag har blitt tildelt kvar gruppe, vil alle dei andre laga bli trukket i ein live-dekning. Rankinga frå den Kontinentale cupen er framleis særs viktig, men istaden for å bli automatisk plassert i ei gruppe, så vil lag bli lagt i ein trekkingsbalje. Om me ser på tabellen under, i kolonne for "Lag 2", vil fire lag bli plassert i den første trekkingsbaljen. Dette er laga som er rangert 8 i Afrika, 7 i Afrika, 6 i Afrika og 5 i Afrika. Av denne baljen blir dei plassert som det andre laget i Gruppe 1, 2, 3 og 4 utifrå trekkinga. 4 nye lag blir lagt i trekkingsbaljen, og trekt for Gruppe 5, 6, 7 og 8. Prosessen held fram til alle 6 laga er fylt i kvar av dei 16 gruppene.

Systemet er laga slik at ikkje alle dei beste laga frå dei sterkaste kontinentane kjem i den same gruppa. Men samstundes ynskjer me eit tilfeldig moment som gjer at det blir litt uforutsigbart korleis gruppene blir sjåande ut, dette for å unngå at lag kan tape i den Kontinentale cupen med vilje for å komme i ei antatt enklare gruppe i VM. Live trekkinga vil også bli meir spanande på dette viset.


Gruppe Lag 1 Lag 2 Lag 3 Lag 4 Lag 5 Lag 6
1 EU#1 AFR#8
Balje#1
AME#9
Balje#5
ASO#16
Balje#9
EU#17
Balje#13
P#11
Balje#17
2 EU#2 AFR#7
Balje#1
AME#10
Balje#5
ASO#15
Balje#9
EU#18
Balje#13
P#10
Balje#17
3 EU#3 AFR#6
Balje#1
AME#11
Balje#5
ASO#14
Balje#9
EU#19
Balje#13
P#9
Balje#17
4 EU#4 AFR#5
Balje#1
AME#12
Balje#5
ASO#13
Balje#9
EU#20
Balje#13
P#8
Balje#17
5 EU#5 AFR#4
Balje#2
AME#13
Balje#6
ASO#12
Balje#10
EU#21
Balje#14
P#7
Balje#18
6 EU#6 AFR#3
Balje#2
AME#14
Balje#6
ASO#11
Balje#10
EU#22
Balje#14
P#6
Balje#18
7 EU#7 AFR#2
Balje#2
AME#15
Balje#6
ASO#10
Balje#10
EU#23
Balje#14
P#5
Balje#18
8 EU#8 AFR#1
Balje#2
AME#16
Balje#6
ASO#9
Balje#10
EU#24
Balje#14
P#4
Balje#18
9 AME#1 ASO#8
Balje#3
AME#17
Balje#7
EU#16
Balje#11
EU#25
Balje#15
P#3
Balje#19
10 AME#2 ASO#7
Balje#3
AME#18
Balje#7
EU#15
Balje#11
EU#26
Balje#15
P#2
Balje#19
11 AME#3 ASO#6
Balje#3
AME#19
Balje#7
EU#14
Balje#11
EU#27
Balje#15
P#1
Balje#19
12 AME#4 ASO#5
Balje#3
AME#20
Balje#7
EU#13
Balje#11
EU#28
Balje#15
ASO#21
Balje#19
13 AME#5 ASO#4
Balje#4
AFR#9
Balje#8
EU#12
Balje#12
EU#29
Balje#16
ASO#20
Balje#20
14 AME#6 ASO#3
Balje#4
AFR#10
Balje#8
EU#11
Balje#12
EU#30
Balje#16
ASO#19
Balje#20
15 AME#7 ASO#2
Balje#4
AFR#11
Balje#8
EU#10
Balje#12
EU#31
Balje#16
ASO#18
Balje#20
16 AME#8 ASO#1
Balje#4
AFR#12
Balje#8
EU#9
Balje#12
EU#32
Balje#16
ASO#17
Balje#20

EU: Europa
AME: Amerika
AFR: Afrika
ASO: Asia / Oseania
J: Jokerplass

Val

Val blir heldt i starten av sesongen, den startar to dagar etter Verdsmeisterskapsfinalen. Kvar andre sesong vel du ein landslagssjef og kvar andre sesong vel du ein U21-landslagssjef. Kvar sjef blir valt for 2 sesongar, som varar perioden sin ei veke etter Verdsmeisterskapsfinalen. Merk deg at du må ha spelt Hattrick i minst ein sesong for å kunne røyste.

Røystemakt

Du kan berre røyste ein gong i kvart val. Men, røysta di kan bli ekstra vekta i hovudteljinga. Systemet fungera slik at det vektar røystene til dei som har vore med i spelet lengst, men hovudmålet er å gjere det vanskelegare å manipulere vala.

Om du er eit lokalt lag, får du den fyrst røysta di etter 1 sesong i spelet. Så får du ei anna etter 5 sesongar i spelet og ei tredje etter 10 sesongar, og ei fjerde etter 15 sesongar. Lokale lag kan få totalt 4 røyster på denne måten.

Om du har ein tilleggsklubb i eit anna land (bortsett frå Hattrick Internasjonal), vil du få røyste etter to sesongar, og ein den andre tilleggsrøysta etter 10 sesongar.

Alle brukarar får to engasjementsrøyster, som kjem an på kor aktive dei har vore. Me vil ikkje forklare heilt korleis dette fungera, for å gjere det vanskelegare å manipulere, men dei er designa slik at det skal vere enkelt å få for vanlege styrte lag, men tungvindt om ein person styrer fleire lag.Merk deg at som brukar vil du ikkje sjå kor tungt røysta di er vekta, me vil berre forklare korleis systemet fungera.

Landslagstroppen

Landslagssjefen kan velje inntil 26 spelarar (frå lag med ekte brukarar) fritt blant dei som har den rette nasjonaliteten. Men, U21-spelarar må vere minst 19 år, og landslagsspelarar må vere 22 år. Når ein har tatt opp ein spelar til landslaget, vil landslagssjefen kunne sjå evnene på same måte som eigaren av spelaren.

Kvart landslag har deira eiga formasjonsrøynsle og i starten av kvar Kontinentalcup og verdsmeisterskap/nasjonscup, vil landslagssjefar ha omtrent ei veke på seg til å avgjera kva 6 formasjonar som skal ha eineståande røynsle, medan resten vil starte på dårleg. Det er to valperiodar: den første startar dagen etter valet av landslagstrenar fram til dagen der lagånd og sjølvtillit vert nullstilt før fyrste kamp i Kontinentalmeisterskapen. Den andre startar i veke 12 fram til lagånda og sjølvtillit vert nullstilt i veke 13.
Merk at Landslagets og U21 lagets daglege oppdateringar skjer klokka 03.00.

Eige ein landslagsspelar

Om ein av spelarane dine spelar for landslaget, vil han framleis spele for deg som før. Landslag og klubblag har ulike kampdagar, så du kan alltids bruke han. Kampar for landslaget vil ikkje gi spelaren din trening, men han risikera å bli skada når han spelar landslagskamp.

Det er fleire føremon om spelaren din får spele ein kamp for landslaget:

- Du vil få ein kostnadsreduksjon på 33% eller 40% av spelarløna, som kjem an på om han spelar for eit utanlandsk landslag eller for nasjonen din

- Spelaren får ei stor auke i røynsle. Mengda røynsle pr kamp variera avhengig av type kamp. Kampar som gir mest røynsle er semifinale og finale i Verdsmeisterskap, deretter VM-kampar, så Kontinentale kvart- semi- og finale. Det som gir minst røynsle er dei Kontinentale gruppekampane og Nasjonscupen og til slutt treningskampar.

- Om ein spelar blir skada og må forlate bana i ein landskamp, vil klubben få ein kompensasjon på 100% av løna ganger vekene skaden er estimert til å halde han vekke frå bana. Dette kjem i tillegg til den allereie gitte kostnadsreduksjonen på løna.

Det er ikkje skadar i treningskampar i landslagssamanheng.

Merk at det er forventa at du ikkje sabotera for eit landslag med spelaren/spelarane dine. Landslagsadministratorar, kan, som ei siste løysing, legge landslagsspelarar ut for sal ved sabotering.


Om du tenkjer på å stilla til val, eller berre vil ha meir informasjon, rår me deg til å lesa reglane for landslag.

Verdsmeisterskap kampoppsett - Sesong 1

Vk Mån Tys Ons Tor Fre Lau Sun
1 Val Røysting Val Røysting Val Røysting Val Røysting Val Røysting/Direktesendt trekking
/Treningskampar
Val Røysting Val Røysting
2 Val
Resultat
- - - Treningskampar - -
3 - - L.Å./S.T. Nullstill 100% nullstill - K.C. Kamp 1 - -
4 K.C. Kamp 2 - - - K.C. Kamp 3 - -
5 K.C. Kamp 4 - - - K.C. Kamp 5 - -
6 - - - - K.C. Kamp 6 - -
7 - - - - K.C. Kamp 7 - -
8 - - - - K.C. Kamp 8 - -
9 - - - - K.C. Kamp 9 - -
10 - - - - K.C. Kamp 10 - -
11 - - - - K.C. Kvartfinalar - L.Å./S.T. Nullstill 100% nullstill
(Berre jokerplassar)
12 K.C. SemifinalarP Kamp 1 - - - K.C. FinalarP Kamp 2 - Direktesendt trekking
13 - - L.Å./S.T. Nullstill 100% nullstill - V.M. R1 Kamp 1 - -
14 V.M. R1 Kamp 2 - - - V.M. R1 Kamp 3 - -
15 - - - - V.M. R1 Kamp 4 - -
16 - - - - V.M. R1 Kamp 5 - -

Verdsmeisterskap kampoppsett - Sesong 2

Vk Mån Tys Ons Tor Fre Lau Sun
1 - - - - V.M. R1 Kamp 6 - -
2 - - - - V.M. R1 Kamp 7 - -
3 - - - - V.M. R1 Kamp 8 - -
4 - - - - V.M. R1 Kamp 9 - -
5 - - - - V.M. R1 Kamp 10 - -
6 - - L.Å./S.T. Nullstill 80% nullstill - V.M. R2 Kamp 1 - -
7 V.M. R2 Kamp 2 - - - V.M. R2 Kamp 3 - -
8 V.M. R2 Kamp 4 - - - V.M. R2 Kamp 5 - -
9 - - - - V.M. R2 Kamp 6 - -
10 - - L.Å./S.T. Nullstill60% nullstill - V.M. R3 Kamp 1 - -
11 V.M. R3 Kamp 2 - - - V.M. R3 Kamp 3 - -
12 - - L.Å./S.T. Nullstill 40% nullstill - V.M. R4 Kamp 1 - -
13 V.M. R4 Kamp 2 - - V.M. R4 Kamp 3 - -
14 - - - - V.M. R5 Kamp 1 - -
15 V.M. R5 Kamp 2 - - - V.M. R5 Kamp 3 - -
16 V.M. Semifinalar - - V.M. Finalar - -

K.C.: Kontinental cup
V.M.: Verdsmeisterskap
J.: jokerplass
L.Å.: Lagånd
S.T.: Sjølvtillit

Hattrick Masters

Hattrick Masters er ei internasjonal turnering for alle cup- og serievinnarane i verda. Turneringa går over fire veker, og ho startar etter runde 4 i kvar sesong. Kampane vert spela kl 16.00 på måndagar og 20.00 på torsdagar.

Kampoppsett

256 lag kan vera med i Masters, og turneringa vert spela som ein vanleg cup med åtte rundar. Trekninga for kvar runde er heilt og fullt tilfeldig, og kampane vert spela på nøytral grunn.

Om det er for mange lag til den fyrste runden, vil nokre lag (tilfeldig utvalde) gå vidare frå fyrste runden, og fyrst koma inn i Hattrick Masters i andre runde. Om ein av cup- og serievinnarane har vorte til eit datastyrt lag, eller om laget har skifta manager, kan dei ikkje vera med i Masters. Om eit lag vinn både serie og cup i same sesong, så vert dei det einaste laget frå den nasjonen som deltek i Masters.

Særskilde turneringsreglar

Det er nokre særskilde reglar i Masters:

Kort og skadar: Kort har ikkje noko å seia (utanom raude kort i kampane, sjølvsagt), medan alt omkring skadar er som normalt.

Lagånd: Å spela "Viktigaste kampen i sesongen" (MOTS) eller "Ta det roleg" (PIC) vil ikkje redusere/auke lagånda til laget ditt like mykje som etter ein vanleg kamp. Men effekten av laginnstillinga er den same, nett som i ein vanleg kamp.

Trening: Masterskampar verkar ikkje inn på treninga til spelaren.

Inntekter frå Masters

Heime- og bortelaget deler tilskodarinntektene 50/50. Dei beste laga får òg noko pengepremiar som vist under.

Vinnaren av Hattrick Masters får 800 000 US$, toaren får 400 000 US$ og dei to tapande semifinalistane får 200 000 US$ kvar. Dei tapande kvartfinalistane får 100 000 US$ kvar, og dei 16 siste tapande laga får 50 000 US$.

Tilleggsklubb

Med Supporter Platinum og Diamond har du høve til å styra ein tilleggsklubb. Du kan ta hand om denne klubben individuelt, akkurat som du gjer med hovudklubben din, noko som vil seie at tilleggsklubben har sin eigen separate spelarstall, stadion, finansar, ungdomslag osb.

Start ein tilleggsklubb

Du kan starta ein tilleggsklubb kva tid som helst. Tilleggsklubben din kan spela i det same landet som hovudklubben din eller i eit anna land, så lenge det er ei ledig opning i det landet.

Tilleggsklubbar vil byrja med noko startmidlar (sånn som andre klubbar), men eigarar treng ikkje å ta managerlisensen.

Generelle reglar

Du kan ha opptil to tilleggsklubbar.

Du vil ikkje vera i stand til å gjera nokon overgangar mellom klubbane, og du kan heller ikkje kjøpa spelarar der det eine laget anten mottek moderklubbpengar eller pengar for tidlegare klubb.

Tilleggsklubb i den same ligaen

Hovudklubben og tilleggsklubben din vil ikkje vera i stand til å spela i same serien eller møta kvarandre i kvalifisering, korkje møta kvarandre i cupen (bortsett frå i finalen). Båe klubbar kan spela i den same divisjonen, men i ulike seriar.

I det usannsynlege, men ikkje umoglege scenarioet, der tre lag med den same brukaren endar opp i semifinalen, så vil sjølvsagt eit av dei laga då møta eit søsterlag.

Om ein klubb alt spelar i toppserien, og ein annan rykker opp til denne, så vil klubben som rykkar opp ikkje få love til å gå vidare. Den plassen vil i staden gå til det laget som rykka ned frå toppserien, og som fekk den høgaste ligaplasseringa. Dette vert klart etter at kvalifiseringskampane har blitt spela.

Om båe klubbar får opprykk til toppserien i den same sesongen, vil berre hovudklubben få opprykk.

Tilleggsklubb i ei anna liga

Talet på tilleggsklubbopningar tilgjengeleg for "utanlandske managerar" i ei liga er avhengig av kor mange klubbar som er ubrukt i den ligaen, noko som er avhengig av kor stor ligaen er og kor mange brukarar som alt spelar i ho.

Minimum 50% av klubbane i ei liga er reservert for lokale brukarar. Så i ei liga med 168 klubbar er minst 84 av desse reservert for lokale brukar (og dei resterande 84 opningar kan takast av alle managerar, lokale eller utanlandske). Men om ei liga er opp mot 90% full - vil me reservera dei resterande opningane for lokale brukarar.

Byt seriar i vindauget for seriebyte

Akkurat som for hovudklubbar, så er det mogleg for tilleggsklubbar å byta seriar (der det er opningar) i vindauget for seriebyte mellom sesongane. Berre hugs på at det er ikkje mogleg å byta til seriar kor den andre klubben din spelar.

Flagg

Flagg vert tekne av klubbane separat, tilleggsklubbar har si eiga flaggsamling.

Spel mot ein tilleggsklubb vert belønna med flagg akkurat som mot andre klubbar, og tilleggsklubben får flagg til samlinga si.

Bragder

Bragder vert oppnådd av manageren, og bragder vert såleis lagra på brukaren (og ikkje for kvar klubb).

Røysting i val

Om du har eit ekstra lag i ein annan liga (bortsett frå Hattrick International), så får du fyrst høve til å røysta etter to sesongar, og ein andre og endeleg seniorrøyst etter 10 sesongar.

Konkurs

Om hovudklubben din går konkurs, vil du òg mista tilgang til tilleggsklubben din.

Om tilleggsklubben din går konkurs, kan du starta ein ny klubb etter 16 veker frå då du starta den førre tilleggsklubben din (så om du har hatt tilleggsklubben din i meir enn 16 veker, kan du starta ein ny klubb med det same).

Stopp tilleggsklubb

Du kan leggja ned tilleggsklubben din kva tid som helst. Men om du stoppar tilleggsklubben din, må du venta minst 16 veker frå då du starta den førre klubben din før du kan starta ein ny klubb. Men merk at du ikkje kan leggja ned tilleggsklubben so lenge han har spelarar på overgangslista.

Platinum/Diamond abonnementsopphøyr

Om abonnementet ditt på Platinum, på tilleggsklubben eller Diamond opphøyrer, vil du framleis vera manager for tilleggsklubben i ei veke til, men etter denne veka vil du ikkje vera i stand til å styra han. 7 veker etter utløpet vil systemet kopla vekk tilleggsklubben din. Om du kjøper Platinum, lisens på tilleggsklubb eller Diamond igjen i løpet av desse 7 vekene, vil du få tilgang til tilleggsklubben din igjen. Men om du ikkje gjer det, vil klubben verta eigarlaus og du vil aldri få tilgang til han igjen.

 
Server 082